Skodespelaren skulka skulen på 20-årsdagen for å henge med mamma.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Kvardagane gjekk stort sett i song, dans, teater og tøying. Eg tøygde myyyyykje.

Då Caroline Glomnes var 20 år, studerte ho første året på musikkteaterlinja ved Balettakademien i Göteborg.

– Eg budde i den ganske kriminelle delen av byen, på rundt 18 km² i ei studentleilegheit, minnest ho.

– Og på kveldane gjekk eg bort i gangen i tøflane mine og såg på Desperate Housewifes eller spelte Settlers. Det var ei ganske koseleg og morosam tid, men eg er glad eg ikkje er 20 år igjen.

Cammo-suksess

Du har kanskje sett Glomnes i NRK-serien Cammo, som nyleg vann fleire gullruter. Ho er både serieskapar og spelar hovudrolla i komedien som handlar om ein blakk influensar som blir støttekontakt for ei jente med Downs syndrom.

Allereie som 20-åring var Caroline sikker på at ho ville bli skodespelar og musikalartist. I tillegg skreiv ho mange dikt, som òg var noko ønskte å drive med.

– Eg las alt eg kunne kome over av teaterteori og musikalar. Og eg høyrde berre på musikalar. Musikalen Wicked var det store.

Seinare har ho hatt fleire musikalroller, mellom anna i nemnde Wicked i Danmark.

Identitetskrise

Det skodespelaren hugsar best frå året ho blei 20, er at ho hadde ei slags identitetskrise. Ho var 19 år då ho flytta til Sverige utan å kjenne nokon der.

– Eg var vand til å vere ein som alltid sa ifrå, var god til å snakke for meg og kunne fort ta ei slags leiarrolle på vidaregåande. Men så kom eg til Göteborg. Der var eg yngst i klassa og svenskane berre lo kvar gong eg sa noko, fordi dei syntest det var så gøy og rart med norsk og fordi dei ikkje forstod kva eg sa.

Sjølv om ho syntest det var ganske vanskeleg då, tenker Caroline Glomnes i dag at ho hadde godt av å ikkje alltid vere på «heimebane» og av å vere den som måtte leite etter ord.

– Den usikkerheita trur eg alle har godt av å kjenne på, og eg lærte mykje om meg sjølv av det.

Madeleine-saka

Glomnes fylte 20 år i 2007. Det var spesielt ei sak som dominerte nyheitsbiletet på den tida.

– Det einaste eg hugsar frå det året er Madeleine-saka. Den var (og er) eit stort mysterium, og var noko mange snakka om.

Caroline Glomnes minnest året ho var 20 som ei fin tid, men er glad ho ikkje er 20 lenger. | Foto: Privat | Foto: Privat

Den tre år gamle britiske jenta Madeleine McCann forsvann på ferie i Portugal og fekk stor merksemd. Saka har dukka opp i media med jamne mellomrom, og i 2022 vart ein mann i Tyskland formelt ærklært som mistenkt i saka. Han har nekta for å vere involvert i forsvinninga. Den mistenkte mannen møter i år i den tyske retten, der han er tiltalt for fleire seksuallovbrot i Portugal, skriv VG.

I 2024 har Madeleine McCann framleis ikkje blitt funne.

Skulka på 20-årsdagen

Dei viktigaste personane i livet til Caroline Glomnes, var foreldra og brørne hennar.

– Eg var også i eit ganske destruktivt avstandsforhold, så hadde du spurt meg då hadde nok han også vore på lista, hehe.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Ja, då skulka eg skulen for å vakne heime i Oslo og så køyrde mamma og eg til Göteborg. Det var den første vårdagen med sånn 19 grader. Eg hugsar eg hadde ny beige skinnjakke og at mamma og eg gjekk rundt i Göteborgs gater og på kafé.

Guts og solpudder

Hadde ho møtte seg sjølv som 20-åring, ville Cammo-skodespelaren tenkt dette var ein litt overivrig og veslevaksen 20-åring med masse guts, som burde roe ned litt på solpudderet.

Ho var svært utolmodig og ganske svart-kvitt i tankegangen.

– Viss nokon oppførte seg dårleg, kunne eg fort dømme dei og tenke at dei var dårlege. Men er det noko eg har lært, så er det at livet eigentleg berre er gråsoner, ingenting er berre bra eller berre dårleg, og bra folk gjer også mange dumme ting.

Ho minnest elles at ho trudde dei som var 27 år var vaksne, og at ho hadde dårleg tid. I dag er ho 37 år og har eit råd til den yngre seg:

– Slapp av litt, du har ikkje dårleg tid. Stol på din eigen intuisjon. Hald hovudet kaldt og hjartet varmt.

Caroline Glomnes synest ho brukte for mykje solpudder som 20-åring. | Foto: Privat