Identitet

«Eg håpar at lesbene i framtida får mange fleire høve til å sjå seg sjølv i media»

Dette er også første gong eg hugsar å ha sett ei positiv framstilling av lesbiske forhold i ein tv-serie, skriv 1. nestleiar i Skeiv Ungdom, Hedda Josefine Bruncell.

Hedda Josefine Bruncell (24)
1. nestleiar i Skeiv Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Førre veke kom sesong 3 av Heartstopper ut.

Dette er ein serie som set skeive forhold i eit positivt lys, og fokuserer på representasjon i ein kvardagsleg samanheng.

Framstillinga av skeive i serien kjennest ikkje kunstig, men naturleg og som ein del av kvardagen. Dette gjeld også det lesbiske paret i serien.

Serien tek for seg alt frå homofobi, stereotypar og det å komme ut av skapet. Dette er også første gong eg hugsar å ha sett ei positiv framstilling av lesbiske forhold i ein tv-serie.

Første gong eg hugsar å ha sett ein lesbisk karakter på tv, var i Orange Is the New Black. I denne serien var ikkje forholda særleg sunne.

Ulykkeleg kjærleik

Eg kan ikkje hugse nokon seriar frå då eg vaks opp der forhold mellom skeive kvinner hadde ein lykkeleg slutt. Anten så er det eit usunt forhold, at dei endar opp med å gjere det slutt, eller at ein av dei døyr.

Måten lesbiske forhold har vorte framstilte i tv og film får det til å sjå ut som at alle slike forhold er dømde til å ende i tragedie. Difor er eg så glad for at seriar som Heartstopper viser at det faktisk går an å ha eit lykkeleg og sunt forhold.

I tillegg så viser serien prosessen med å komme ut og potensielle reaksjonar på dette.

quote-left

I mange andre seriar verkar det så lett å komme ut

quote-right

I mange andre seriar verkar det så lett å komme ut, ofte gir det ikkje eit realistisk bilete på korleis det er å komme ut, og spesielt kjensla før ein gjer det.

Det er ei stor byrde som ein ber på når ein er i skapet. Ein er redd for kva folk rundt seg kjem til å seie og korleis dei kjem til å reagere. Mange kjem frå religiøse familiar der det kanskje er risikabelt å komme ut. Difor er representasjon viktig for å kunne kjenne seg sett.

Difor er det synd at vi lesbiske får så liten representasjon samanlikna med skeive forhold mellom menn.

Lesbiske biroller

Det er også veldig sjeldan at lesbiske er hovudkarakterar i ein serie eller film, men at vi heller er sidekarakterar brukte for anten dramatisk effekt eller for utviklinga til hovudkarakterane.

quote-left

Det einaste som definerer lesbiske karakterar som personar er legninga deira

quote-right

Vi blir veldig ofte vist som eindimensjonale, der det einaste som definerer lesbiske karakterar som personar er legninga deira. Noko eg saknar er fleire aspekt ved ein lesbisk karakters personlegdom. Det at legninga berre er eit ekstra aspekt ved ein karakters identitet, slik at det ikkje kjennest kunstig eller som ein tvungen representasjon.

Mange måtar å vere lesbisk på

Representasjon er både viktig for å kunne kjenne seg sett, men også for å kunne setje tema på dagsordenen og snakke om tema som er vanskeleg.

Jo meir representasjon ein får i media, jo meir normalisert blir det, og jo mindre skummelt blir det å leve livet sitt utan å føle at ein lyg om seg sjølv.

Eg håpar at lesbene i framtida får mange fleire høve til å sjå seg sjølv i media enn det eg har hatt, og får tv-seriar som viser at det er mange måtar å vere lesbisk på, og at vi fortener ein lykkeleg slutt!