Utdanning

Linn melder studentbustadar: «På sitt beste eit dårleg flyplasshotell og på sitt verste ein rusten bensinstasjon»

19 kvm er nok for at ein student skal kunne leve eit greitt liv. Brannalarmen går så mange gongar at brannvesenet ikkje lenger har sirener på når dei kjem.

Linn Isabel Eielsen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Store felles opplevingar som nye Marvel-filmar, popalbum og restaurantar får meldingar i aviser. Korleis elles skal ein vete om det er verdt å dra?

Men kven melder den største fellesopplevinga av dei alle? Kven melder studentbustadar? Eg. Eg gjer det, for deg. 

🏢

Sidan 2019 har eg budd i tre ulike studentbustadar, ein i Anker Studentbustad og to i Studentskipnaden på Kringsjå. Bustaden i Anker vil ikkje bli diskutert ytterlegare, då opphaldet var prega av politiransaking, bæsj i oppgangen og ekstreme mengder sirener. Studentskipnaden var paradis i forhold, men ein kan ikkje gi skipnaden fordelen av å meldast i kontekst av Anker. Alt ser bra ut i forhold til avføring i oppgangen. I Studentskipnaden har eg budd i ei 19 kvm singelleilegheit og ei 29 kvm leilegheit for par.

No sit eg i livets første Conrad-sofa i eigenkjøpt leilegheit, og eg er klar for å fortelje mine ærlege tankar om korleis livet i studentbustad var, på både godt og vondt. 

📢 Kommunikasjon

For to år sidan flytta eg saman med kjærasten min, fordi Studentsamskipnaden bestemde seg for å rive blokka han budde i utan å tilby han ein ny bustad.

Dette fører oss inn i den fyrste delen av meldinga, nemleg Samskipnadens kommunikasjon (eller heller mangelen på han). Hos Samskipnaden har kommunikasjon vore ein ettertanke, noko ein gjer etter at klagene kjem. Plutseleg, ut av det blå, får ein e-post om at varmtvatnet stengast, eller at det skal setjast i gang eit gigantisk byggeprosjekt utanfor døra di om ei veke. 

I normale nabolag har ein moglegheit til å klage på slike ting, eller be dei vurdere å gjere det støyande arbeidet utanfor eksamensperioden!

Det er ikkje noko burettslag eller demokratiske prosessar i ein studentbustad. Du får det du får, og ingenting er som graving og piggarbeid utanfor vindauget ditt medan du sit på tredje dag under heimeeksamen.

Før du flyttar inn i samskipnaden får du heller ikkje vete leiga, kor bustaden er eller kor stor han er. Alt du veit er kva for ein studentby du bur i, resten får du vite når du hentar nøklane på kontoret deira. Infoen blir betydeleg betre når du skal byte bustad innanfor skipnaden, men det held liksom ikkje. 

Noko anna som er artig, er korleis sambuarskap (ikkje) funkar! Dersom ein har sambuar, er det berre ein av dykk som er registrert som leigetakar av bustaden. Det vil seie at den vesle informasjonen ein får berre går til ei e-post adresse. Det vil også seie at all kommunikasjon må gå gjennom same person, alt frå å melde flytting til å kontakte vaktmeister. Ein får ein postnøkkel på deling, men dei skal ha ros for å gje to nøkkelkort til leilegheita. Nøkkelkortsystemet funkar som ein draum, og det har aldri vore noko problem med dette. Litt raus må ein vere.

🔑

Planløysing

Singelleilegheita mi var bra, og eg har ikkje mykje å utsetje på ho. 19 kvm er nok for at ein student skal kunne leve eit greitt liv. Det var stort kjøleskap med frysar, og fint bad med godt trykk i dusjen. Eg treivst, og ynskja ikkje å flytte. Men så reiv dei bustaden til kjærasten min, og 19 kvm åleine vart bytta ut med 29 kvm på deling. Planløysinga var så dårleg at mora mi begynte å le då ho såg bustaden fyrste gong.

Etter å ha sett inn to skrivepultar i spørjeteikn-rommet var det ikkje lenger plass til stolar, matbord eller sofa. Studentskipnadane investerer mykje tid og pengar i kurs og førebygging av einsemd, men eg trur kanskje dei burde starta med planløysinga der folk bur. Romma er ikkje tilrettelagde for besøk, noko som forsterkast av at ingen av blokkene har ringeklokker. Men heilt ærleg? Ingen brukar ringeklokke uansett, så det er kanskje like greitt.

Som ein såg på biletet er badet gigantisk. Det er truleg fordi alle rom i blokkene skal vere tilrettelagt for rullestol. Den tilrettelegginga kan drite og dra til helvete, fordi det hjelper ikkje å ha eit stort bad til alle vennene i rullestol når heisen aldri funkar. Dessutan, kva skulle eg og vennen i rullestol gjort i sjuande etasje når brannalarmen går? Fordi det gjer han. Ofte.

🔥 Kvifor teste brannalarmen i mai?

Brannalarmen går opp til fleire gongar i månaden. Han går så mange gongar at brannvesenet ikkje lenger har sirener på når dei kjem. Han går så mange gongar at eg blir overraska over oppmøtet dersom det er fleire enn tjue som kjem ut. Brannalarmane i studentbustadane er den moderne ulv-ulv, og om det ein dag brenn kan ein banne på at nesten alle døyr, (kanskje det er den vonde planen for å løyse bustadkrisa i Oslo). Det er også eit minus at skipnaden gjennomførte testing av brannalarmsystemet i slutten av mai, midt i eksamensperioden, i bustadar kor det utelukkande bur studentar. Studentskipnaden treng ein kommunikasjonsrådgjevar med innebygde konsekvensanalytiske evner, og eg leitar etter jobb.

🧯

💰 Er det verdt det?

Det er billeg å bu i parleilegheit. Her betalte vi berre 4700 kroner per person. Men det var billeg drit. Kjøkkeninnreiinga var dårleg montert, fugene på badet måtte klagast inn fordi doen heldt på å falle av veggen, og alle bustadene har same golv som på legevakta. Planløysinga saug, og eg trur faktisk at eg hata nesten kvart sekund i den parleilegheita, men at eg hamna i ei slags overlevingsmodus. Det var ingen nellikbukett eller lyslenker som kunne gjere den boksen koseleg. Singelleilegheita var dyr, men mogleg å leve i. Då eg flytta inn betalte eg 7 113 kroner. Den same studentbustaden går no for rundt 8000.

Høge blokker, mykje folk

Studentbustadar er som regel høge blokker, noko som gjer heile opplevinga upersonleg. Leilegheitene er små og det er ingen møtestader inne. Det logiske ville vore å bruke dei breie gangane til å sette opp ein felles sofa, der folk i same oppgang kunne sitte og lese ei bok eller spele kort, men i staden for sit alle liksom i kvar sin vesle boks. Det er heldigvis fine uteareal der ein kan grille med vennene ein ikkje har plass til inne i leilegheita.

Studentbyen har hatt ei rekke gode tilbod for studentar. Treningssenteret deira, Atlethica, er eit supert treningssenter som er billeg og har hyggelege tilsette. Gruppetimane var gøyale, apparataene i god stand, og her skal dei ha eit gigantisk pluss.

Det pleidde også å vere ein kafé der, men den la dei ned. Det er litt bra at dei stengde studentkaféen, fordi den var så koseleg at eg grua meg til å flytte frå han. No er det berre ein dyr pizzarestaurant der som ingen har råd til å ete på.

Pit-stop i livet

Alt i alt, kjem eg nok aldri til å sakne den parleilegheita, og eg trur heller aldri eg ville gått tilbake til singelvarianten.

Studentbustadar er ein pit-stop i livet, men det pit-stoppet er på sitt beste eit dårleg flyplasshotell og på sitt verste ein rusten bensinstasjon.

Det er ikkje tilrettelagt for eit behageleg liv, nabolaga er udemokratiske, og kommunikasjonen syg. Då er det bra at treningssenteret funkar topp, sånn at det er ein stad å få ut all frustrasjonen sin.