Mohamad (27) får hjelp av norske gamingvener til å flykte frå krigen i Libanon

– Gaming er ein måte rømme på når du er i denne situasjonen, fortel Mohamad som tilfeldigvis hamna inn i det norske PubG-miljøet i 2019.

Åshild Slåen
Publisert

– Livet er skikkeleg vanskeleg no, med tanke på tryggleik. Du veit aldri kva som kjem til å skje.

Det seier Mohamad (27), eller Hanniiibal som han kallar seg når han strøymer på Twitch, når Framtida ringer han opp på Discord.

Mohamad ynskjer å berre bli omtalt ved fornamn, eller spelaliaset Hanniiibal. Framtida.no kjenner det fulle namnet hans.

– Gaming er ein måte rømme på

Framtida.no har kome i kontakt med Mohamad gjennom dei norske spelkameratane hans. Dei har spelt med han i fem år, og står no klare til å hjelpe han med å kome i tryggleik.

Då Framtida fyrst prata med han, budde han i byen Sayda i Libanon, men no har han kome seg over grensa til Syria.

For å sleppe å tenke på krig i den verkelege verda, forsvinn han gjerne inn i verda til skytespelet PlayerUnknown’s Battlegrounds (PubG).

– Gaming er ein måte rømme på når du er i denne situasjonen, sa Mohamad til Framtida.no frå rommet sitt i Sayda.

Ein av dei største krisene i verda

Mohamad fortel at han vaks opp i Libanon, men har far frå Sudan og mor frå Sri Lanka. Han fortel at han har sudansk statsborgarskap og pass etter far sin.

Konflikten i Sudan blir rekna som ei av dei største krisene i verda.

Mohamad bur i Libanon. Her besøker han dei kjente Baalbek-ruinane, som opphaveleg er frå det romerske riket, og som er ein del av FN si verdsarvsliste. | Foto: Privat

– Eg brukte mykje pengar på å fornye passet mitt i tilfelle noko skjer, for viss eg ikkje har passet mitt, kan eg ikkje forlate dette landet, fortel han til Framtida.no.

Bombing i nærleiken

Staten Libanon er ikkje i krig med Israel, men den militante gruppa Hizbollah har base i landet. Dei siste vekene har Israel sendt missil mot den sørlege delen av landet, og til hovudstaden Beirut for å angripe dei. Dette som svar på åtaka frå Hizbollah på Israel, som har føregått til støtte for Gaza.

Heimstaden til Mohamad ligg ikkje ved den israelske grensa, men er langt nok sør til at han har merka bombinga. Han fortel om kor uroa folk er for at åtaka vil gjere at flyplassen blir stengt. Dagen før intervjuet, spelte han på nettet, og vart spurt av ein ven som lurte på om han høyrde bombinga utanfor.

– Eg var sånn: Eg har eit headset på, eg har ikkje lyst til å høyre bombinga.

Mohamad bur langt nok sør til å merke åtaka frå Israel. Her frå ein video han delte 27. september. Foto: Privat

Fekk venar verda rundt

Å forsvinne inn i spelverda har Mohamad gjort sidan han var liten. Medan mora var på jobb, var han ofte på internettkafear og spelte når han ikkje var på skulen.

– Her i Libanon hadde vi ikkje online-spel veldig tidleg, vi starta kanskje rundt 2016 med det.

Ein ung Mohamad likte å spele på internettkafear. | Foto: Privat

Rundt den tida kom ein ny og stor internettkafé som hadde over hundre PC-ar, der han kunne finne alt av online-spel.

– Eg byrja å spele CS (red. anm. Counter-Strike), sidan eg pla spele det som barn. Så byrja eg å spele PubG. No er eg ein av dei beste spelarane i Libanon.

PubG var også vegen inn i det norske spelmiljøet. I 2019 hamna han tilfeldigvis på eit lag der tre av spelarane var frå Bodø. Det utvikla seg til både venskap og publikum.

30-40% av sjåarar frå Noreg

Då Mohamad fyrst starta Twitch-kanalen sin, måtte han leige ein PC-for å kunne strøyme.

Kort tid etter hadde han fått nok pengar gjennom strøyming og donasjonar til å kjøpe seg sin eigen PC.

Når han strøymer spelinga si på Twitch, er rundt 30 til 40 prosent av sjåarane frå Noreg, og når Framtida sin journalist pratar med han, opnar han med «hallo» og «hvordan har du det?».

Spelinga gjorde at han kunne bygge seg opp, både økonomisk, med ekstra inntekt, men også sosialt.

– Eg hadde faktisk ein ven som kom frå Noreg til Libanon i fjor. Han er i squaden min. Eg har venar som det berre på grunn av gaming.

PC-en og strøymeoppsettet til Mohamad har han kjøpt med pengar frå strøyminga på Twitch. | Foto: Privat

Frå PC-hjelp til flyktninghjelp

Ein av venane han har fått gjennom spelinga er Sander Edlund (31) frå Rogaland, eller Sandrheim når han speler PubG. Han synest online-spel er ein flott måte å bli kjend med folk frå heile verda.

– Det er ei kanonmoglegheit. Eg har gama sidan eg var 13 år, og blitt kjent med hyggelege folk frå heile verda, seier han på telefon til Framtida.

Sander Edlund medan han strøymer at han speler. Foto: Privat

Edlund vart kjend med Mohamad gjennom Good Game-ligaen i 2019 (tidlegare Telialigaen) der han var ein av nokre få internasjonale spelarar.

– Korleis har det vore å kjenne nokon i Libanon no i det siste?

– Det kjenner eg er litt tøft og litt stress, det er kjempefint at han no har kome til Syria.

Han fortel at Mohamad kvir seg mot å ta imot pengar gratis, men at han har fått eit lån på 2000 kroner for å få kome seg over grensa. Edlund står klar med ein innsamlingskampanje så snart dei veit kva Mohamad treng for å kome seg vidare til ein meir trygg situasjon.

– Eg har sagt til han at PubG-miljøet i Noreg truleg vil støtte han med det han treng for å kome seg vekk.

Vil ha eit betre liv

Akkurat no bur Mohamad i ein landsby i Syria, ikkje langt frå den libanesiske grensa.

Den umiddelbare vegen vidare er enno ikkje sikker, men på lang sikt er draumen til Mohamad å kome seg til Noreg, og venane her.

– Eg er takksam til det norske spelmiljøet, og no, uansett kvar eg landar i Noreg, har eg venar, om det er Trondheim, Bodø, Lillestrøm eller Bergen.