Øko-grønsaker bra for gravide
Gravide som et mykje økologiske grønsaker under svangerskapet, har lågare risiko for å få svangerskapsforgifting enn dei som et det meir sjeldan eller aldri, viser ein ny studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Øko-grønsaker bra for gravide
Studien byggjer på data frå den store mor-og-barn-undersøkinga til Folkehelseinstituttet og er presentert i ein artikkel i legetidsskriftet British Medical Journal.
LES OGSÅ: Berrføtt økologisk framtid
Av dei over 28.000 kvinnene som var med i undersøkinga, fekk 5,3 prosent svangerskapsforgifting, som fører til høgt blodtrykk og protein i urinen, og at barnet må forløysast før tida.
For dei 8,8 prosentane som ofte åt økologisk dyrka grønsaker, var derimot risikoen for svangerskapsforgifting 21 prosent lågare enn for andre.
Forskarane bak studien trur forklaringa kan vere at desse kvinnene får i seg mindre restar av plantevernmiddel, at dei får i seg meir naturlege godgjerande stoff som til dømes antioksidantar, og at tarmfloraen blir mindre sårbar for betennelsestilstandar.
LES OGSÅ: Jobbar for saktare mat