Prinsesse Ingrid Alexandra forlengjer førstegongstenesta: – Får veldig sterke band

Prinsesse Ingrid Alexandra forlengjer tida si i førstegongstenesta og får 15 månader ved Skjold leir i Troms. Etter det har ho førebels ingen planar.

NPK-NTB
Publisert

– Prinsessa kjem til å følgje kontingenten sin ut. Ein del av oppgåvene er å støtte Panserbataljonen og Telemarksbataljonen, seier sjef ved Ingeniørbataljonen Bjørn Kråkstad til TV 2.

Det betyr at opphaldet blir tre månader lenger enn planlagt. Prinsesse Ingrid Alexandra seier samtidig til NTB at ho ikkje har planar for tida etter førstegongstenesta.

– Først skal eg bli ferdig med verneplikta, så får vi sjå, seier ho.

Stormpanservognskyttar

Prinsessa har valt å bli skyttar på stridskøyretøyet CV90, som er ei stormpanservogn og ein del av det mekaniserte infanteriet i Hæren.

– Eg har lært utruleg mykje sidan eg kom inn. Det er jo både fysisk og psykisk slitsamt, men ein lærer at ein får til det meste saman, seier ho til NTB.

Prinsesse Ingrid Alexandra utfører for tida fagutdanninga si i Hæren på Skjold leir i Øverbygd saman med omtrent 800 andre soldatar. Ho seier det beste med førstegongstenesta er samhaldet.

– Når ein er saman, bur saman, er i teneste saman, er slitne saman, så får ein veldig sterke band, seier prinsessa.

I fars fotspor

Kronprins Håkon var på befalsskule i 1992–1993, og tok seinare tre års utdanning ved Sjøkrigsskolen i Bergen. På spørsmål om prinsessa har vorte ein betre skyttar enn far sin, er ho litt usikker.

– Eg har ikkje skote med han enno, men det er lov å håpe, seier ho og smiler lurt.


Les også: Her er 18 ting du kanskje ikkje visste om Prinsesse Ingrid Alexandra

Kollasj av Framtida.no. Bakgrunn: Ida Bjørvik / Det kongelige hoff / NTB. Innfelt: . Foto: Handout / Slottet / NTB. Krone: Colourbox