Regjeringa set av 100 millionar til kamp mot kriminelle i skulen

Pengane blir fordelt på tilsette som skal arbeide med beredskap og skulemiljø.

NPK-NTB
Publisert

Regjeringa vil bruke 100 millionar kroner for å førebyggje ungdoms- og gjengkriminalitet i skulen. Kunnskapsministeren vil setje i verk tiltak allereie i haust.

– Skulen skal ikkje vere ein arena for kriminell verksemd eller rekruttering, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til TV 2.

70 millionar kroner skal brukast for å opprette beredskapsteam for å førebyggje utfordringa med barne- og ungdomskriminalitet i dei mest utsette områda i dei største byane. Dei siste 30 millionane skal gå til eigne skulemiljøteam.

– Vi har sett store utfordringar med ungdomskriminalitet i Oslo, Kristiansand, Bergen og andre store byar. Vi vil sikre målretta tiltak der vi ser at statistikken går i feil retning, og vi har også sett kriminelle organisere seg i fleire byar, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til kanalen.

Tilskotet er ein del av ein budsjettlekkasje og kjem ei veke etter at Høgre la fram forslaget sitt til valprogram neste år, der kamp mot kriminalitet var ei av hovudsakene.