Politikk og samfunn

«Noreg er på veg mot stjernene, men vi heng framleis litt etter»

Det er på tide å skyte Noreg inn i det internasjonale romfartssamarbeidet og sikre vår plass blant stjernene, skriv Oscar Eliassen Fink frå Unge Venstre.

Oscar Eliassen Fink (20)
2. nestleiar Vestland Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Noreg er eit gryande romfartsland. Seinast i november i fjor vart Andøya Spaceport fullført og dei kan no skyte opp satellittar, noko som allereie har skjedd. No er det på tide å vende auga vidare, og ikkje minst høgare.

NASA sitt romfartsprogram Artemis har som mål å setje den første kvinnelege astronauten på månen, men dei arbeider også for betre tilgang på forsking gjort på månen gjennom avtalen Artemis akkordane. Det handlar ikkje berre om forsking gjort på månen, men også om Mars, kometar og asteroidar. Og det beste av alt? Det er berre for fredelege formål.

Tidlegare har land som Finland, Slovakia og Rwanda vorte ein del av avtalen, men Noreg, nei vi står utanfor.

Vi må markere oss som ein romfartsnasjon. Ikkje berre i Norden, men i Europa og verda.

Vi har selskap som Kongsberg, Nammo og Telenor som alle er aktive innanfor romfarten, for ikkje å gløyme alle utdanningsinstitusjonane som NTNU, UiT og UiO for å nemne nokre. Dei kan dra ei gedigen nytte av at Noreg er medlem av Artemis akkordane, med tanke på fri tilgang til forsking frå Mars og månen.

quote-left

Vi må markere oss som ein romfartsnasjon. Ikkje berre i Norden, men i Europa og verda

quote-right

NASA har som nemnt mål om å setje den første kvinnelege astronauten på månen om to år. Dei skal lande nær sørpolen ved krateret Shackleton. Grunnen for det er at det er trudd at det kan vere vatn der, noko som kan borast ut for å brukast til drikkevatn og ikkje minst drivstoff for vidare utvikling av solsystemet, t.d. Mars og Venus.

Først og fremst vil NASA i samarbeid med romfartsorganisasjonane til Europa, Canada, Japan og Dei sameinte arabiske emirata opprette ein eigen romstasjon som vil gå i polarbane rundt månen ved namn Gateway. ESA vil sjølv ha med minst ein astronaut på dei fleste Artemis oppdraga, men i samarbeid med JAXA, den Japanske romfartsorganisasjonen vil dei også sende opp ein trykksett rover som astronautane kan køyre rundt i, litt som dei ein kan sjå i filmar som «The Martian» og seriar som «For all mankind».

quote-left

Vi kan strekkje oss mot stjernene, side om side med titals andre land med fokus på ein felles ting

quote-right

Vårt utgangspunkt på Andøya er perfekt for å skyte opp satellittar i polarbane, som igjen kan leie til forsking vi kan dele med alle medlemmene av Artemis akkordane, og forsking som blir gjort av oss kan ende opp med å bli brukt på månen.

Om nokon av medlemmene ikkje deler kunnskapen og forskinga, blir dei kasta ut.

Noreg er på veg mot stjernene, men vi heng framleis litt etter på utvikling og samarbeid med andre romfartsnasjonar. Artemis akkordane vil vere ein stor fordel for Noreg, både økonomisk og med tanke på utdanning.

Det er no eller aldri. Vi kan strekkje oss mot stjernene, side om side med titals andre land med fokus på ein felles ting.

Eg meiner at Noreg har eit gyllent høve til å ta del i framtida – det er på tide å skyte oss inn i det internasjonale romfartssamarbeidet og sikre vår plass blant stjernene.