Dyrast å studere i Australia

Australia er dyrast for utanlandsstudentar, tett følgt av Singapore og USA.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dyrast å studere her

Eit år i Australia kostar i gjennomsnitt drygt 266.000 kroner i studieavgift og levekostnader, viser ei oversikt utarbeidd av storbanken HSBC.

Utanlandske studentar i Singapore må punge ut med om lag 247.000 kroner i året.

USA, Storbritannia, Hongkong, Canada, Frankrike, Malaysia, Indonesia, Brasil, Taiwan, Tyrkia, Kina, Mexico og India følgjer på dei neste plassane på lista over kvar det er dyrast å vere utanlandsstudent. (©NPK)

GÅ TIL TEMASIDA VÅR FOR STUDIAR I UTLANDET!