Klima og miljø

«Svoltne distriktskommunar, er tildelt oppgåva å seie nei»

I arealsaker der lokalt sjølvstyre og nasjonale føringar stridast, må myndigheita flyttast, skriv Sauda-ordførar Håvard Handeland.

Håvard Handeland (20 )
Ordførar i Sauda (Ap)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tap og oppstykking av areal aukar omfanget av tapt naturmangfald, og lista over utrydda artar og naturtypar vert skrive med veksande senekrampe og sprutande blekk.

Utrydda verkar også natur- og miljøinteressa på dagens forvaltingsnivå. Saman med ein flytta arealplanavdeling frå Miljøverndepartementet til Kommunaldepartementet, har auka lokalt sjølvstyre kosta på naturmangfaldet si rekning. Svoltne distriktskommunar som lir av aukande sentralisering og avtakande avlingar, er tildelt oppgåva å seie nei – ovanfrå ned.

Uforpliktande forplikting

Å stemme ned auka lokal omsetning og grønare rekneskap – med grønt areal som gulrot. Det ville vore klangen av klubba om nasjonale forpliktingar og lokalt sjølvstyre peikte i same retning.

Det er ikkje tilfelle – og utviklinga er ikkje berekraftig. Ingen et slike gulrøter fordi dei sjølv ynskjer.

Kva gjer vel ein kommunepolitikar? Ei undring nok fleire har undra kring, og etter kvart ein lærdom som drog eige engasjement over i kommunestyresalen. Som eit beskjedent døme; bidra til å løyse ei naturkrise på vippepunktet. Ein må jo drive med noko.

Regjeringa har forplikta Noreg uforpliktande til ei arealforvalting med naturen i sentrum. 30 prosent vern og restaurering. Ei forplikting, ei forplikting kan, berre ein slepp å gjera arbeidet sjølv. Ansvaret kvilar i trehundreogfemtisju kommunestyresalar.

Vern om det verneverdige

Frå kommunar med namnet på begge sider av skiltet, med smelteverk, bratte skrent og pelsdyrkonsulent, til sentrale strøk med flatare og meir nedbygd fundament. Ei ansvarsfordeling som krev strengare, samkøyrde, nasjonale føringar og endra omsyn i vurderinga av arealplanar – for å i det heile sjå glimt av måloppnåing.

Samfunnsnytte må leggjast tyngre på vekta, i kva ein vel å ofra knappe areal for. Behovet for meir fornybar energi og nyindustrialiseringa et også grovt av grøn kost. Då må nye hyttefelt med heimekino og dampande jacuzziar vike. Ein brems må trekkast i om ein ynskjer å snu utviklinga. Å gjere det same og forvente noko anna, er eit korresponderande samband få er tent med.

Kanskje kommunar som vel vern om det verneverdige, er dei som vinn kampen om turismen – i ein landskamp på ei krympande grasmatte. Kva kjem folk eigentleg for å sjå?

Me byggar ned natur for å kome nærmare natur.

Motsettingane møtes ein gong.

Planetens største trussel

I arealsaker der lokalt sjølvstyre og nasjonale føringar stridast, må myndigheita flyttast frå Kommunaldepartementet tilbake til Miljøverndepartementet. Gransking frå Riksrevisjonen tydar ei vekkande endring i kva omsyn som rår, etter endringa under Solberg-regjeringa.

Vide sprik frå eigne, nasjonale, mål. Regjeringa si nylege budsjettlekkasje om satsing på naturrekneskap og auka kunnskap må vidareførast, og eit forbod mot nedbygging av myr bør vurderast. Saman med ei naturavgift differensiert etter naturtype for utbyggar. Med mål om å dreie utbygginga vekk frå sårbare område. Det krev kunnskap.

Det passar å lande på ein oppsummerande veggplakat frå Bergen: Planetens største trussel, er trua på at nokon andre skal redde han for oss.