AUF-leiaren vil ta likestillingskampen for gutane
Nesten ingen unge menn stemmer på Arbeidarpartiet. No vil avtroppande AUF-leiar Astrid Hoem vinne dei tilbake.
– AUF har alltid vore den tydelegaste stemma i likestillingskampen. Vi må vere like tydelege på utfordringane som unge gutar opplever, seier AUF-leiar Astrid Hoem.
Torsdag opnar ho sommarleiren til ungdomsorganisasjonen på Utøya, der det er venta rundt 1000 deltakarar. Eit av temaa i år er korleis AUF skal vinne tilbake gutane.
Berre sju prosent av menn under 25 år stemde på Arbeidarpartiet ved siste val, viser tal frå veljarundersøkinga til SSB. Nesten seks av ti stemde på anten Høgre eller Frp.
Dei to borgarlege partia gjorde det dessutan klart best i skulevalet i fjor og skapte langt større engasjement på TikTok i valkampen enn dei andre ungdomspartia.
Færre moglegheiter for unge
AUF må tore å ta plass i debatten, meiner Hoem.
– No er også AUF på TikTok og får stadig fleire følgjarar, men det handlar ikkje berre om TikTok. Det handlar om at mange unge no kan bli den første generasjonen som har færre moglegheiter enn foreldregenerasjonen, seier Hoem og held fram:
– AUF og Ap må vere tett på problema dei opplever, og ikkje minst komme med løysingar – anten det handlar om at unge ikkje kjem inn på bustadmarknaden, eller at skulane er for fulle av press og stress.
Hoem kjem samtidig med eit stikk mot dei borgarlege partias sosiale medium-strategi:
– Dei er som «life coachar» på TikTok. Dei framstiller det som at det berre er om å gjere å jobbe hardt nok for å ha råd til bustad eller læreplass. Men det er eit politisk ansvar å sørgje for at vi alle har moglegheitene til å få det til. Det politiske ansvaret tek ikkje dei.
14 år på sommarleir
Hoem seier ho har tru på at Arbeidarpartiet vil prioritere dei unge framover. Sjølv sit ho i programkomiteen som skal meisle ut eit nytt partiprogram for neste stortingsperiode.
– Eg kjenner eit veldig håp om forandring framover. Det har vorte sagt at sosialdemokratiet i Europa er dødt for dei unge, men vi ser det motsette i Storbritannia og Frankrike. Og alle som har vore lengre enn eitt minutt på TikTok, ser at Trump er mindre populær enn Harris.
– Det er endring på gang, og vi må sørgje for at det treffer unge også her i Noreg, seier Hoem.
Når ho opnar årets sommarleir på torsdag, blir det siste gong som AUF-leiar. Hoem varsla tidlegare i år at ho går av på landsmøtet i oktober etter fire år i sjefsstolen.
– Det er litt vemodig. Eg var på den første sommarleiren min i 2010 og har vore aktiv i AUF halve livet mitt. Så det blir rart, seier Hoem.
– Har du nokre råd til AP-leiinga før du gir deg?
– Det er det same rådet eg alltid har: Lytt til AUF. Vi får som regel rett til slutt likevel.