Hjerneceller forklarar dårleg søvn

Eldre menneske og demente har færre av ein spesiell type hjerneceller. Det forklarar kvifor dei søv mindre og er meir urolege om natta.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Forsking.no har amerikanske og kanadiske forskarar funne eit område i hjernen som fungerer som ein søvnbrytar. Nervecellene i dette området dempar hjerneaktiviteten slik at det blir lettare å sove.

LES OGSÅ: Barneteikningar kan avsløra IQ

Klarar ikkje roa seg ned
Forskinga som er publisert i tidsskriftet Brain, viser at eldre og menneske med sjukdommen alzheimer har færre slike nerveceller. Dermed klarer ikkje hjernen å roe seg ned, og dei får problem med søvnen. Forskarane håpar at oppdaginga kan gjere det lettare å finne nye metodar for å redusere søvnproblema.