Press – Redd Barna Ungdom er uroa:

Desse kan bli verdas fyrste «Miss AI»

I sommar føregår verdas fyrste missekåring av KI-genererte influensarar. Leiar i Press, Marius Sjølyst, meiner kåringa er urovekkande.

Signe Gjeraker
Publisert

Ti finalistar står att og skal kjempe om å bli verdas fyrste KI-missedronning. Kåringa vert den fyrste der menneskeleg skjønnheit skal vurderast utan at deltakarane har nokon verkeleg eksistens.

Leiar i Press – Redd Barna ungdom, Marius Sjølyst, peiker på at det jamt over er ein nedgang i skjønnheitskonkurransar, slik dei historisk har vore, og at dette er bra.

– Det er urovekkande at ein no skal ha skjønnheitskonkurransar som speler på dei same ekstreme ideala som mange før, men no er det ikkje lenger berre veldig uoppnåeleg, no er det ikkje menneskeleg. Det er ikkje menneske i botn, seier han.

Fryktar kroppspress

Sjølyst er redd for at det kan påverke unge si mentale helse og bidra til kroppspress.

– Det problematiske er at det er så verkelegheitsnært, slik at det vert vanskeleg å skilje det frå det som er ekte, seier han til Framtida over telefon.

Han seier vidare at desse linjene er vanskelege å halde seg til, særleg for born og unge.

– Eg er redd for at det skal drive kroppspresset og skjønnheitsideala vidare, seier han.

Skal minne om ei vanleg missekåring

Arrangøren The World AI Creator Awards (WAICA) skriv på sine sider at kåringa vil feire dei tekniske ferdigheitene og arbeidet som ligg bak dei digitale influensar-personane.

Marius Sjølyst er leiar i Press - Redd Barna Ungdom | Foto: Press

Konkurransen skjer i samarbeid med Fanvue – ei av dei leiande plattformene for KI-genererte skaparar.

Dei ti finalistane er valde ut blant 1500 påmelde, og vil bli vurdert ut frå tre kategoriar: utsjånad, bruken av KI-verktøy og påverknadskrafta deira i sosiale medium.

Vinnaren vil få 5000 amerikanske dollar, og dessutan få delta i eit mentorprogram og ta imot PR-støtte.

Kåringa skal minne om ei vanleg missekåring og deltakarane vil få typiske spørsmål for missekåringar, slik som: «Dersom du kunne fått ein draum oppfylt for å gjere verda til ein betre stad, kva ville det vore?» .

Dommar etterlyser meir variasjon

Ein av dei fire dommarane, Sally-Ann Fawcett, har uttalt til Daily Mail at det er spanande å vere involvert i ei prisutdeling som følast så futuristisk som denne.

– Det er interessant at det er så mange parallellar mellom konkurransedeltakarar i det verkelege livet og KI-skaparar, og dessutan korleis dei kjem i kontakt med publikum, sa ho til avisa ifølgje nettstaden Euronews.

Ifølge den amerikanske nettstaden OPR, som siterer radiokanalen NPR, uttrykkjer Fawcett at ho skulle ønske at det var noko meir variasjon mellom dei deltakande influensarane.

– Eg skulle gjerne sett nokon med eit anna kjønn, nokon større, nokon eldre, nokon med feil. Det er så stort omfang. Men eg trur at alle held seg til den typiske stereotypen av skjønnheit fordi det er det fyrste året, sa Fawcett, som er historikar med ekspertise på missekåringar.

KI-influensaren og finalisten Olivia C. | Illustrasjon: @oliviaislivinghigh via Instagram
KI-finalisten Ailya Lou. | Illustrasjon: @ailyalou via Instagram
Finalisten Aiyana Rainbow | Illustrasjon: @aiyana_rainbow via InstagramInstagram
KI-finalisten Kenza Layli. | Illustrasjon: kenza.layli via Instagram

Vanskelegare å skilje ekte frå uekte

Den nye missekåringa kjem etter at det med den nye teknologiske utviklinga har kome stadig fleire KI-influensarar.

Sjølyst forklarar at Press allereie er uroa for menneskelege influensarar med skjønnheitsideal som ikkje er representative. Dei originale influensarane er i tillegg ofte dårlege på å merke reklame og viser gjerne noko fram som naturleg, medan det eigentleg er ei annonse, seier han.

– Dette blir berre endå vanskelegare når det ikkje er verkeleg, men likevel så verkelegheitsnært. Då blir det vanskeleg å skilje, fortset Press-leiaren

Han peiker på at dersom ein KI-influensar skal reklamerer for eit skjønnheitsprodukt og seier noko om korleis det verkar på huda, så vert det i realiteten på kanten til feilinformasjon.

KI-finalisten Lalina. | Illustrasjon: @viva_lalina via Instagram
KI-influensaren Asena Ilik. | Illustrasjon: @aisenailik via Instagram
KI-finalisten Zara Shatavari. | Illustrasjon: @zarashatavari via Instagram
KI-finalisten Eliza Khan. | Illustrasjon: @elizavaloo via Instagram

– Slutt med det

På spørsmål om han har ei oppmoding til framtidige kåringar som dette, svarar Sjølyst:

– Slutt med det. Misforstå meg rett her, men hadde det vore ein konkurranse om å bruke KI på den mest kreative måten, så hadde det vore ein meir teknologisk konkurranse. Problemet er at det er ein skjønnheitskonkurranse for KI, altså skjønnheitskonkurranse for kunstig intelligens. Dersom dette får halde fram som ein skjønnheitskonkurranse, så sender det ei oppmoding til skjønnheitsbransjen.

– Det verkar som svært problematisk. Skiljelinjene vert mindre og kritisk tenking til informasjon og bilete blir endå vanskelegare, særleg for unge, avsluttar Sjølyst.

Framtida.no har vore i kontakt med WAICA, The World AI Creator Awards, som ønsker å svare på kritikken når vinnaren er annonsert.