Unge Høgre vil ikkje ta imot kvoteflyktningar

Vedtaket som vart gjort på landsmøtet i helga vekkjer reaksjonar i både Unge Høgre og moderpartiet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne helga var Unge Høgre samla til landsmøte på Sundvolden Hotell.

Ungdomspartiet har gått inn for ei rekkje innstrammingar i asyl- og innvandringspolitikken, melder VG.

– Det er ikkje ein innvandringsstopp, eg vil heller kalla det ei innstramming, seier Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til avisa.

Tredjeland og stopp av kvoteflyktningar

Ungdomspartiet har vedteke at Noreg og Europa skal ha politisk kontroll på innvandringa, og at Noreg skal hjelpe EU og Schengen-områda i å ha kontroll på yttergrensene. I dette ligg mellom anna å støtta avtalar som har som mål å avgrensa innvandring, slik EU har gjort med Tyrkia.

Unge Høgre vil gå bort frå dagens asylordning og heller hjelpa flyktningar i nærområda, eller å betala tredjeland for å ta imot asylsøkjarar for Noreg. Her nemner Svenneby Rwanda, som Storbritannia har inngått ein omdiskutert avtale med. Danmark la ved årsskiftet sine eigne planar om asylmottak i Rwanda på is, medan norske politikarar stemte ned eit liknande forslag frå Frp i april.

Òg Høgre har teke til orde for ei ordning med asylmottak i tredjeland.

Unge Høgre vil ha moglegheit til å gje grupper kollektivt vern, slik ukrainarar har fått i Noreg, men vil «ikkje ta imot kvoteflyktningar så lenge Noreg har eit integreringsetterslep».

Regjeringa har allereie vedteke å redusera talet på kvoteflyktningar via FN frå 2000 i fjor, og tek i mot 1247 personar gjennom ordninga i år.

Frp har på si sida alt teke til orde for å ikkje ta imot kvoteflyktningar frå FN medan Ukraina-krigen held på.

Protestar frå Oslo Høgre

Den nye politikken har møtt høglydte protestar innanfor partiet, mellom anna frå bystyrerepresentantar for Oslo Høgre. Både Arina Aamir (18) og Jenny Helene Syse (22) melder eg ut av Unge Høgre i protest.

– Det er ikkje politikk eg kan stå for, og derfor har eg meldt meg ut. Og det er ikkje noko Oslo Høgre eller Høgre står for heller, seier Aamir til NRK.

Arina Aamir sit i bystyret for Oslo Høgre, og har nettopp meldt seg ut av Oslo Unge Høgre. | Foto: Privat

Ho fekk støtte av Oslo-ordførar Anne Lindboe (H) på Kveldsnytt i helga.

– Å seia at menneske ikkje skal kunne søke asyl i Norge lenger, bryt ved våre folkerettslege forpliktingar. Me er tilslutta FNs flyktningkommisjon, så det er ulovleg, sa ordførar i Oslo, Anne Lindbo (H) til NRK.