Klassikarar, ungdomsromanar og norske perler – tre leseglade menn deler sine favorittar

Kva bøker skal du ta med i kofferten eller laste ned på telefonen til ferien. Vi har spurt tre unge menn om deira beste boktips til sommaren!

Birgitte Vågnes Bakken, Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Herman Nesse er glad i å lese, og det går helst i klassikarar. | Foto: Elin Iversen/NTNU

Klassikarar i ferien

For Herman Nesse (26) frå Bergen, er det klassikarar som er den store favoritten. Nesse er nettopp ferdigutdanna grunnskulelærar frå NTNU.

26-åringen fekk merksemd tidlegare i år, då han vart intervjua i ei sak om leselyst hos NRK. I fjor las han nemleg 85 bøker, noko som er ein del meir enn det norske snittet på tolv bøker i året. Så langt i år har han lese 36 bøker.

Til årets sommarferie har han desse tilrådingane:

Om utregning av romfang (nr. 1 av 7) av Solvej Balle

– Tara Selter vaknar plutseleg opp til at tida har gått i stykke. Ho, men ingen andre, er fast i 18. november. Kvar morgon må ho forklare mannen sin at ho har opplevd denne dagen før. Dette er første av sju bøker i denne serien, der hovudpersonen forsøker å tilpasse seg livet i eit tidsvakuum.

Ein merkeleg og relativt lettlesen roman med mange finurlege vendingar.

Hovudpersonen er ganske likegyldig til at ho ikkje kjem seg ut av 18. november, som eg synest er gøy. Tidvis litt klaustrofobisk.

Bokomslag.
Omslag: Press

W.E.B. Du Bois’ kjærlighetssanger av Honorée Fannone Jeffers

– Ailey Garfield har heile livet høyrt om familiens historie, heilt frå dei første som blei frakta som slavar frå Afrika. Familiemedlemmars traume, oppleving av rasisme og frigjering påverkar alle.

For å forstå meir av livet sitt, byrjar Ailey å dykke djupare i sin families forteljing. Historia startar på 1700-talet i dagens USA, og går fram til i dag.

Kan anbefalast for alle som likar historiske romanar. Denne boka er stor, men lettlesen. Tidvis ganske vond lesing.

Omslag: Aschehoug

Den gamle mannen og havet av Ernest Hemingway

– Fiskaren Santiago har fiska i 84 dagar utan hell. I eit siste forsøk drar han ut på havet for å få fisk. På det 85. forsøket får Santiago napp, den største fisken han har sett.

I fleire dagar slåst han mot fisken, og etter kvart byrjar han å beundre fisken han kjempar mot.

Dette er ein fin inngang til moderne klassikarar, ettersom boka er på cirka 100 sider. Ein av mine favorittar, sjølv om fisking ikkje er ein favorittaktivitet. Ei enkel forteljing om ein enkel gamal mann som nektar å gi opp håpet om ein siste fangst.


 

Omslag: Gyldendal
Hayder på Litteraturhuset i Oslo, der «Leser søker bok» har kontor. | Foto: Åshild Slåen

Ungdomslitteratur

– Ikkje les ei bok for noko anna enn at du synest den er god og spanande. Viss du les ei bok og du kjenner på keisemd og at boka ikkje snakkar til deg, vel ei anna! Lesing skal vere gøy og morosamt i tillegg til lærerikt, er Hayder Jumaah (22) sitt råd.

22-åringen er prosjektmedarbeidar i Leser søker bok, og jobbar blant anna med å formidle arabisk poesi til unge.

Han har desse tipsa til sommaren:

Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry

– Boka las eg som 15-åring. Den var òg revolusjonerande for meg.

Den lille prinsen lever med meg. Kjem til å gjere det resten av livet. Det hender at eg ser mot himmelen og vinkar, den dag i dag.

Kan anbefalast for dei med leiken og levande fantasi!

Omslag: Samlaget

Hvis det ikke brenner av Ronja Svenning Berge

– Linda bur i kollektiv, jobbar og heng med vennar. Men ho ber på ei mørk erfaring som få rundt ho kjenner til.

Ein dag finn ho ei eske med gamle ting, og alle minna kjem tilbake igjen. Korleis lever ho vidare med traumet?

Omslag: Gyldendal

Kvit norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn

– Ei vond og viktig bok om utanforskap og rasisme.

Desse korte dikta tek for seg forfattarens eigen oppvekst på ein gard på Vestlandet. Han skildrar gode oppvekstkår og trygge vaksne.

Omslag: Cappelen Damm
Tor Rivlin debuterte denne våren medsi første diktsamling. | Foto: Foto: Christian Olstad/Gyldendal

Skandinaviske perler

Tor Rivlin (26) har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og debuterte denne våren med diktsamlinga Stor oppstandelse.

Poeten frå Oslo les både morgon og kveld, og kan gjerne flakse mellom ulike bøker. Som lesestoff i sommar held hen ein knapp på Ingmar Bergman.

 

Den gode viljen av Ingmar Bergman

– Romantrilogien hans, og særleg den første boka, Den gode viljen, er fantastisk.

Etter den første utgjevinga i 1991 kom Søndagsbarn (1993) og Fortrolige samtaler (1996). Tekstane handlar om Bergman sin barndom og foreldra sitt dramatiske samliv.

– Det eg har lese av arbeidsbøkene til Ingmar Bergman (boka eg har i hylla heiter Arbetsboken 1955-1974), er i periodar så tankenært og reint (og skittent!) i sine skildringar av det gode og det vonde og det daglege, at det får mykje annan litteratur til å verke fullstendig konstruert.

Saltstøttens sønn av Carl Henrik Berge

– Den er briljant og ganske eineståande i nyare norsk samanheng – og god om ein har lyst til å få lyst på et bad.

Carl Henrik Berge er òg tidlegare elev ved Skrivekunstakademiet og debuterte med Saltstøttens sønn i 2022. Språket og handlinga har bibelske referansar og finn stad i eit ørkenlandskap der ei himmelsendt straff gjer menneska om til saltstøtter. Hovudpersonane er ei mor og sonen hennar, som legg ut på vandring for å finna faren til barnet.

Skinnende døde av Mazdak Shafieian

Mazdak Shafieian er ein annan tidlegare elev frå Skrivekunstakademiet som etter fleire diktsamlingar gav ut sin første roman i 2022.

– Skinnende døde av Mazdak Shafieian er nydeleg. Gå og les og gå igjen, tipsar Rivlin.

Shafieian vart nominert til Kritikarprisen for romanen som tek utgangspunkt i hans eigne opplevingar som ung gut under krigen som følgte den iranske revolusjonen i 1979.