Debutboka til Ronja Svenning Berge er blant dei vakraste norske teikneseriane eg har lese, skriv bokmeldar Magnus Rotevatn.

Magnus Rotevatn
Publisert

Debutboka til Ronja Svenning Berge er blant dei vakraste norske teikneseriane eg har lese, skriv bokmeldar Magnus Rotevatn.

Sjølv om forlaget har putta merkelappen «grafisk roman» på debutboka til Ronja Svenning Berge, så synest eg at teikneserien ho har laga minner meir om ei novelle.

Hvis det ikke brenner gjev oss nokre glimt frå livet til hovudpersonen Linda. Me kjem aldri særleg tett innpå ho, men får veta at ho ber på noko vondt som ligg og dirrar i kvardagen hennar.

Meir enn å framstilla eit handlingsmetta plott, skildrar teikneserien stemningar og kjensler. Det er ofte sårt og ømt.

Linda sitt liv og miljø er lett å kjenna att. Mykje av styrken til boka ligg i at ho er lett å leva seg inn i.

Fakta

  • Forfattar: Ronja Svenning Berge (f. 1984)
  • Forlag: Gyldendal
  • Utgjeve: September 2023
  • Sjanger: Teikneserie


Knapp og konsentrert

Alt overflødig er skore bort. Handlinga og universet blir ikkje utbrodert som i ein roman. Og forteljarstilen til Berge er heller knapp og konsentrert – som i ei novelle.

Evna lesaren har til å dikta vidare blir på eit imponerande vis utnytta til det fulle. Det gjeld både handling og teikningar.

Skapar ein roleg atmosfære

Det visuelle uttrykket er stilreint og gjennomarbeidt.

Teikningane er minimalistiske, nokre gongar på grensa mot det abstrakte. Berge meistrar å skapa ein roleg atmosfære som passar boka godt.

Stilen er minimalistisk, og teikneserien kan minna om eit storyboard. Teikneserieskaparen kan til dømes bruka fleire ruter til å zooma inn på eit motiv. Dette gjer kanskje at tempoet blir i overkant sakte.

Treng eit betre driv

Eg saknar eit betre driv i boka – noko som får ein til å bla vidare til neste side.

Dessverre blei eg ikkje hekta inn i forteljinga frå byrjinga av. Det var fyrst mot slutten av boka at noko forløyste seg og historia til Linda blei interessant.

Trass denne innvendinga så er det ikkje vanskeleg å tilrå denne teikneserieboka. Det er eit vakkert og poetisk stykke arbeid.

Me kan berre håpa at Ronja Svenning Berge snart lagar ei bok til.