Sist ut i «singel-eliten» på tinget

Berre tre andre nolevande nordmenn veit korleis Rasmus Hansson har det i sitt «einsame» stortingstilvære. Men Hansson kunne ikkje følt seg mindre aleine.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit nokså ubyråkratisk tilvære. Gruppekonsultasjonane går fort, og det er lite splitting i laget. I tillegg får eg nyte merksemda som følger med. Ho stoppar når folk byrjar å synast at eg er normal, flirer Miljøpartiet Dei Grønnes einaste stortingsrepresentant.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Under valkampen sa Trine Skei Grande, Venstreleiar, at ho ikkje unte sin verste fiende å sitje aleine på Stortinget. Då Rasmus Hansson møtte Kåre Willoch på eit herretoalett, sa Høgre-veteranen at «det er veldig fint at dere er inne på Stortinget, men jeg er glad dere er bare en».

– Eg føler meg ikkje einsam. Vår agenda med klimautfordringane er jo i samsvar med det alle meiner er det viktigaste menneskja står overfor, seier Hansson.

LES OGSÅ:Kan ein telefon endra verda?

Aleine mot hundre

Sjølv om mange kan sameinast om klimautfordringane, kan berre fire nolevande nordmenn, Rasmus Hansson inkludert, dele erfaringar om livet som «éinmannsparti» i Noregs folkevalde forsamling. For ni år sidan gjekk Steinar Bastesen ut av Stortinget etter to periodar for Tverrpolitisk folkevalde og Kystpartiet. Før Bastesen er Raudts (tidlegare RV) Erling Folkvord og Venstres Lars Sponheim (begge mellom 1993-97) einaste representantar for «éinmannsparti» som framleis er i live.

– Eg har aldri møtt dei, men eg kunne sikkert hatt bruk for gode råd, seier Hansson, som har brukt det første året til å lære seg dei politiske fottrinna utan sjølv å ha direkte politisk makt.

– Under debuten min på talarstolen stemte alle imot forslaget mitt om å trekkje oljefondet ut av kol og tjæresand, men i ettertid har både SV og Arbeidarpartiet fremja liknande forslag.

Det er bra at dei tar til fornuft, sjølv om mitt eige forslag tapte 100– 1. Det har skjedd drøssevis av gonger og gjer meg ingenting. Eg tenkjer heller at «ein dag skal eg få fleirtal». Det blir målet for neste år.

LES OGSÅ: Robin Hood-jenta

Sårbare

Til NTB nemner Bastesen og Folkvord høvesvis radiomasta på Ingøya og opphevinga av konfiskasjonsparagrafen i sosialtenestelova som prosjekt dei er glade for å ha bidrege til som «éinmannsparti». Sjølv om Hansson meiner at Dei Grønes miljøagenda treffer befolkninga på ein heilt annan måte, meiner valforskar Bernt Aardal at partiet fort kan gjere seg sårbart ved å vise til eigarskap til miljø- og klimaspørsmåla.

– Generelt er «éinmannspartia» sårbare fordi andre lett kan snappe sakene deira. For Miljøpartiet Dei Grønes del kan dei også bli oppfatta som for radikale av veljarane som har ei midt-på-treet-haldning i miljøspørsmål, sjølv om emnet opptar mange, seier Aardal.

LES OGSÅ:Vidaregåande gir mindre kriminalitet

Små sigrar

Han trur likevel at Hansson blir følgt nøye med på i stortingsgangane.

– Eksponeringa på Stortinget har verdi i seg sjølv. Dessutan var jo Framstegspartiets to representantar avgjerande i fellinga av Willoch-regjeringa på 80-talet. SFs to representantar bidrog også til å felle Gerhardsen-regjeringa i 1963. Få representantar har med andre ord hatt avgjerande innflytelse tidlegare, seier valforskaren.

Førebels må likevel Rasmus Hansson klare seg aleine. Men skulle han doble talet ved å rekruttere ein rival over i sitt eige parti, er valet klart.

– Jonas Gahr Støre har ikkje markert seg som miljøpolitikar tidlegare, men han har signalisert vilje til å tenkje nytt. Og han er veldig dyktig. Då er det plass hos Dei Grøne.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Faktaboks

Fakta om einpersonsparti på Stortinget

*2013-2017Rasmus Hansson (Miljøpartiet Dei Grøne)

*2001-2005Steinar Bastesen (Kystpartiet)
*1997-2001
Steinar Bastesen (Tverrpolitisk Folkevalgte)
*1993-97
Lars Sponheim (Venstre), Erling Folkvord (Raud Valallianse)
*1989-93
Anders Aune (Framtid for Finnmark)
*1973-77
Ole Myrvoll (Det Nye Folkepartiet)
*1957-61
Emil Løvlien (Norges Kommunistiske Parti)
*1936-45
Sigurd Haakon Jacobsen (Samfundspartiet)
*1933-36
Rudolf Falck Ræder (Det Frisinna Venstre), Bertram Dybwad Brockmann (Samfundspartiet), Nils Andresson Lavik (Kristeleg Folkeparti), Alf Mjøen (Arbeidardemokratane)
*1930-33 Alf Mjøen (Arbeidardemokratane)
*1927-30
Alf Mjøen (Arbeidardemokratane)
*1918-21 Carl Stousland (uavhengig)
*1915-18 Bernt Holtsmark (Det Frisinna Venstre)

Kjelder: Norsk samfunnsvitskapleg datateneste og Wikipedia. (©NPK)