Kunnskapsministeren vil flytte eksamen på vidaregåande
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) ønskjer å flytte skriftlege eksamenar på vidaregåande til før 17. mai.
Nordtun fortel til Nettavisen at målet er at flyttinga kan skje innan våren 2026.
Regjeringa har allereie sagt at dei vil flytte russefeiringa til etter eksamen frå 2026. Dermed vil ho i så fall kunne starte 17. mai dersom endringane blir gjennomførte.
– Inntrykket mitt er at det kan vere mogleg å få til på ein måte som gjer at elevane framleis lærer det dei skal, og kanskje til og med får betre samanheng i læringa, seier Nordtun til Nettavisen.
– Løysingsorienterte
Ho fortel at ho har hatt fleire samtalar med Utdanningsdirektoratet og embetsverket i departementet om saka.
– Det er viktig for meg å understreke at det er mange omsyn og ulike interesser som må varetakast for at vi skal få dette til. Eksamensavviklinga i Noreg er svært kompleks, men eg opplever at alle aktørar er løysingsorienterte i dei samtalane eg har hatt til no, seier Nordtun i ein kommentar til NTB.
Med regelverket i dag blir elevane i vidaregåande skule trekte til skriftleg eksamen den 15. mai.
– Har sklidd veldig ut
Regjeringa har tidlegare lansert fleire tiltak for å stramme inn på russetida. I tillegg til flytting av feiringa vurderer dei forbod mot ekskluderande russeklede og har bede Vegvesenet om å sjå på forbod mot enkelte typar russebussar.
Kunnskapsministeren har sagt at regjeringa må vere litt festbrems.
– Det har sklidd veldig ut. Dei siste åra har vi sett mange døme på at mange blir ekskluderte frå russefeiringa og frå fellesskapen. Sånn kan vi ikkje ha det. Det er vi nøydde til å gjere noko med, sa Nordtun til NTB før jul.
Regjeringa har sett i gang eit breitt arbeid i fylkeskommunane med namnet «Endret avgangsmarkering 2026». Det er fylkeskommunane som har ansvar for dei vidaregåande skulane.
Ein gjennomgang NTB gjorde blant opplæringsleiinga i alle fylka i mars, viste at mange av fylka ønskjer å flytte russetida og gjere fleire endringar i feiringa.