Få kommunar har barnevernsvakt

Berre 130 av norske kommunar har ei operativ barnevernsvakt. I Sogn og Fjordane har éin av dei 26 kommunane i fylket ei slik ordning.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barnevernsvakta er akuttberedskapen til barnevernet, som skal hjelpe born og familiar også utanom opningstidene til barnevernskontoret, fortel NRK.no. Men berre 130 av 428 norske kommunar har ei operativ barnevernvakt.

Horne på banen
I heile Sogn og Fjordane er det berre Gulen kommune som har tilbodet. Det meiner familievaldkoordinator i politiet, Linda Åmelfot, er urovekkjande. Utan ein vakttelefon er det gjerne tilfeldig om politiet får kontakt med barnevernet ved behov.

– Det er kjempeviktig at barnevernet er tilgjengeleg, slik at vi kan hjelpe barnet. Det er barnet sin rettstryggleik det er snakk om, seier ho til NRK.no.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne har nyleg også sendt ut brev til Fylkesmannen om akuttberedskapen i kommunalt barnevern, der det blir kravd tilstrekkeleg beredskap til å kunne gi hjelp også utanom kontortid. (©NPK)