Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Tysdag morgon starta ein tolv år gamal gut å skyta på Viertola skule i Vanda, som er den fjerde største byen i Finland. Ein tolv år gamal gut vart drepen i skuleskytinga, medan to jenter vart såra og sende til sjukehus.
Skulen har rundt 90 tilsette og 800 elevar i alderen 7–15 år. Både den mistenkte gjerningspersonen og offera gjekk i same sjetteklasse, ifølgje Nettavisen.
Den mistenkte guten skal ifølgje politiet ha brukt eit skytevåpen som tilhøyrde ein familiemedlem. Ifølgje etterforskinga skal han ha truga fleire elevar på veg til ein annan skule med våpen etter å ha skote medelevane sine. Guten har forklart at motivet var at han var utsett for mobbing.
Den kriminelle lågalderen i Finland er 15 år. Guten vert difor teken hand om av sosialmyndigheitene.
Finsk politi fortel at dei etter skyteepisoden har etterforska eit høgt antal trugslar. I tillegg sirkulerer det mange falske rykte om kven som er involvert i skytinga, noko politiet åtvarar mot å spreia vidare.
Onsdag 3. april var det nasjonal sørgedag i Finland, melder NTB.
Måndag vart sju hjelpearbeidarar i organisasjonen World Central Kitchen (WCK) drepne på oppdrag på Gaza-stripa.
Tysdag offentleggjorde organisasjonen ei utsegn på nettsidene sine som skildrar hendingane. Dei skriv at medarbeidarane hadde frakta over 100 tonn matvarer til eit varehus i ei demilitarisert sone og at dette var klarert med israelske militære (IDF).
Dei sju drepne var i to pansra og eitt ubeskytta køyretøy med den amerikanske hjelpeorganisasjonen sin logo på. Dei drepne kom frå Australia, Polen, Storbritannia, Palestina og delt statsborgarskap mellom USA og Canada.
– Dette er ikkje berre eit åtak på WCK, det er eit åtak på humanitære organisasjonar som stiller opp i dei mest skrekkelege situasjonar der mat vert brukt som eit våpen i krig. Dette er utilgjeveleg, seier leiar for WCK, Erin Gore, i utsegna.
Ifølgje ekspertar som har snakka med BBC er det truleg skote med missil mot dei tre bilane, som vart funne med fleire kilometer mellom kvarandre. Eit augevitne fortel at skadde personar vart flytta til eit anna køyretøy, som òg vart angripe.
Grunnleggjaren av World Central Kitchen José Andrés meiner åtaket var målretta, noko rådgjevaren til Israels statsminister Benjamin Netanyahu avviser.
I ei utsegn på X lovar statsministeren at det israelske militæret skal undersøka hendingane.
Onsdag vart øya Taiwan råka av det kraftigaste jordskjelvet på 25 år. Det kraftige skjelvet målte 7,4 på Richters skala.
Ifølgje nyheitsbyrået AFP er minst ni personar omkomne og over 1000 skadde i skjelvet som råka rundt klokka 08.00 lokal tid.
Sidan storskjelvet i 1999 som tok livet av 2400 menneske har Taiwan fått strengare bygningskrav og fokus på korleis takla katastrofar.
50 overlevande vart redda ut frå ei høgblokk som kollapsa i Ny-Taipei. Dei fleste som omkom var ute, og vart treft av steinsprang anten på fjelltur eller i bil. Desse var i provinsen Hualien, som er kjent for fjella sine og har fått mange vegar stengt av ras.
President Tsai Ing-wen har åtvara folk om å ikkje gå i fjella, sidan det er fare for etterskjelv.
Onsdag sperra politiet av og stengde alle inngangane til Stortinget som følgje av to konkrete trugslar. Ifølgje VG var ein av trugslane skrive på nettforumet 4chan tysdag klokka 16.04.
«Noen av dere er greie. Ikke gå til Stortinget klokken 10 i morgen», skreiv den anonyme brukaren.
Politiet melde frå om trugselen 9.48 og varsla 12.30 at dei fjerna sperringane og opna for normal drift.
Medan politiet vakta Stortinget gjekk dei folkevalde sin spørjetime som vanleg.
Politiet veit kven som kom med ein av trugslane, men har ikkje pågripe nokon i saka.
Regjeringa vil at forsvaret skal ta inn 13 600 vernepliktige årleg, noko som er ein stor auke frå dagens om lag 9000, melder NTB.
Forsvaret opprettar 400 nye stillingar og skal styrka Terningmoen og Madla som basar for Forsvarets rekruttskular.
– Folka er Forsvarets viktigaste ressurs. Vi må ha nok folk med rett kompetanse til rett tid. Den vidare oppbygginga av Forsvaret krev at vi aukar utdanningskapasiteten. Vi er allereie godt i gang med tiltak, men vi vil trenga fleire folk med fagmilitær kompetanse framover, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) til NTB.
Onsdag la regjeringa i Sør-Afrika fram ein plan for å avvikla avl av løver til trofejakt, melder nettstaden Raw Story.
Forslaget har vore under arbeid sidan 2021, og er framleis ikkje vedteke som lov. Det inneber mellom anna at industrien har to år på seg til å leggja om drifta si.
Trofejakt er ein luksuriøs bransje der utlendingar betalar store summar for å jakta og ta med seg heim eksotiske dyr.
Ifølgje Kevin Richardson Foundation er det rundt 8500–10 500 løver som lever i fangenskap i Sør Afrika. Til samanlikning er det berre rundt 2300 som lever fritt i landet.