Psykologar får ikkje sjukmelda

Arbeids- og sosialdepartementet seier nei. – Diskriminering, meiner Norsk Psykologforening.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psykologar bør få sjukmelda personar med psykiske lidingar, meiner Psykologforeningen, men Arbeids- og sosialdepartementet seier nei, skriv Dagens Medisin.

Det er diskriminering, meiner Tor Levin Hofgaard, president i Norsk Psykologforening.

LES OGSÅ: Lever lengre med eit mål i livet

Hofgaard meiner at pasientar med psykiske lidingar med denne avgjerda vert hindra i å få arbeidsevna si vurdert av faggruppa som har høgst kompetanse på området.

– Avgjerda kan vanskeleg tolkast på anna vis enn at behova til personar med psykiske lidingar er mindre verd enn behova til andre pasientgrupper, seier han.

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor