Difor forsvinn biene
Ei av dei største gåtene i naturen dei siste åra, har vore kvifor biene forsvinn. No har kanadiske forskarar funne ut kvifor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NRK Viten skriv om dei triste utsiktene for biene i dag, og ein fersk rapport viser at det kan vera plantevernmiddelet neonikotinoid som er den store syndaren.
NRK Viten opplyser om kor alvorleg dette eigentleg er – 75 prosent av grønsakene og kornet me et er pollinert av bier. For litt sidan laga Huffington Post denne illustrasjonen som viser korleis daglegvarehandelen ville sett ut utan biene.
LES OGSÅ: – Løft stemma, ikkje havnivået
Giftigare enn ein trudde
Neoniokotonoid skulle erstatta stoffet DDT, som tidlegare var utskjelt for å vera frykteleg giftig. Erstattaren skulle vera betre, men det syner seg no at neoniokotonoid er opp imot 10.000 gonger giftigare enn forgjengaren DDT.
LES OGSÅ: Kan minske klimaeffekten av transport
I EU og Noreg har stoffet vore forbode sidan i fjor, men det ser mørkt ut også her heime.
– Me har 206 artar av villbier i Noreg, og av dei er ein tredjedel utryddingstrua. Me har allereie mista tolv bieartar frå Noreg, og det er lite truleg at dei kjem tilbake, fortel bieforskar Frode Ødegaard ved Norsk institutt for naturforsking til NRK.no