– Aasen skreiv seg til makt
Men han tok aldri ordet i offentleg forsamling, ifølgje direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, opna Dei nynorske festspela med å fortelje om makta Ivar Aasen skreiv seg til.
– Han tok aldri ordet i ei offentleg forsamling. Men i meir enn 170 år har nordmenn diskutert det han sette i gang i 1842, språkforskarar verda rundt hentar fram sin faglege respekt når namnet hans blir nemnt, og mange hundre tusen brukar dagleg det språket han fann og forma til skrift, sa Grepstad.
Makta i språket
Blomar ved bautaen ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum er fast tradisjon og første posten på programmet under Dei nynorske festspela. I år er temaet for arrangementet «Makt».
LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nettrolla
Under blomepålegginga fortalde Grepstad mellom anna om makta som ligg i språket vi har, korleis Ivar Aasen brukte Grunnlova som grunntekst i viktige tekstar om språkleg framtid i Noreg, og korleis vi i dag heidrar arbeidet han gjorde den gongen.
Samanlikna Aasen og Ravatn
Og i samanlikninga av ny og gammal tid såg Grepstad samanhengen mellom språkmannen Ivar Aasen, som hadde ambisjonar om å samla språket livet ut, og festspeldiktaren, Agnes Ravatn:
– Ein heil skriftkultur med sine institusjonar og skriftstader var utvikla og stod til rådvelde då ho opna forfattarskapen sin med fem ord som kan lesast på fire måtar: Ein gong hadde eg ambisjonar.
LES OGSÅ: Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk
– Også festspeldiktaren Agnes Ravatn har skrive seg til makt. Og blir under festspela i år heidra for at ho er blitt viktig for mange gjennom sin tenkjemåte og skrivemåte, sa Ottar Grepstad i talen.
Dei nynorske festspela finn stad i Volda og Ørsta frå torsdag siste veka i juni kvart år.
Den nynorske grunnlova nærmar seg Festspela. Følg turen her!