Forbrukarrådet klagar inn Meta
Dei meiner selskapet tåkelegg retten til personvern.
Forbrukarrådet er ein av åtte forbrukarorganisasjonar som klagar inn Meta for ei rekke brot på personvernlovgivinga.
– Det må setjast ein endeleg stoppar for katt og mus-leiken med europeiske styresmakter, skriv Forbrukarrådet i ei pressemelding.
I klaga, som er oversend til ulike nasjonale datatilsyn, blir det mellom anna peika på korleis sosiale medium-giganten bryt med lovpålagde krav om rettferdig behandling, formålsavgrensing og dataminimering.
– Meta har fleire gonger prøvd å tåkeleggje korleis dei bryt med retten brukarane har til personvern, no sist med sin «si ja eller betal-modell». Det er på høg tid at europeiske styresmakter set ned foten for korleis selskapet opererer, seier fagdirektør Finn Lützow-Holm Myrstad.
Organisasjonane meiner at dette i praksis inneber å tvinge brukarar til å betale for eige personvern, då brukarar som ikkje har noko imot reklame, kan halde fram med å bruke dei sosiale media gratis.