Kven blir Årets nynorskkommune 2014?
I fjor var det Ørsta, i år kan det bli din heimkommune.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kommunal- og moderniseringsministeren oppmodar kommunar som brukar nynorsk i tenestene sine til å melde seg på i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2014.
Les og: Ørsta er årets nynorskkommune
– Nynorskprisen er viktig for å støtte nynorskarbeidet i kommunane. Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som den formelle målforma si, og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein spesiell innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Eg håpar mange nynorskkommunar melder seg på og er med i konkurransen, seier statsråd Jan Tore Sanner i ei pressemelding.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sidan 2009 kåra årets beste nynorskkommune. Prisen på 100.000 kroner vert delt ut til hausten og fristen for å søkje går ut i slutten av august.
I 2013 var det Ørsta kommune som vann nynorskprisen.