– Kommunane bør bruka eldsjelene meir
Engasjerte folk kan vera gull for eit lokalsamfunn. Forskarar meiner kommunane bør bli flinkare til å ta vare på eldsjelene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Bruk eldsjelene meir
Norsk institutt for regionforskning (NIBR) har sett på korleis kommunar og lokale styresmakter bruker eldsjelene og korleis dei kan bli brukt betre.
– Eldsjelene bør vera ein større del av det lokale utviklingsarbeidet, seier forsker Guri Mette Vestby til Forskning.no.Ho har vore prosjektleiar for studien og er ein av forfattarane bak rapporten om eldsjelene.
Ifølge Vestby er det mye ubrukt potensialet i folk som brenn for noko og som heile tida skaper verdiar i lokalsamfunnet.
Forskarane bak rapporten skildar eldsjelene som ja-menneske. Dei er sosiale og likar å samarbeida med andre folk. Dei har også eigenskapar som liknar leiareigenskaper, dei har pågangsmot og er handlingsorienterte, tålmodige og uthaldande, stae og ein smule eigenrådige.
Eldsjelene er først og fremst mellom 40 til 60 år, og det er flest menn.
LES OGSÅ:Eldsjeler viktigast for vekst
Møter òg motgang
Sjølv om eldsjelene er tålmodige og sta er det likevel ting som kan knekka dei: Kommunen kan gjera arbeidet med prosjekt vanskeleg med for tungt byråkrati, mangel på faglege og økonomiske støtteordningar og elles lite samarbeidsvilje. Og folk frå lokalmiljø kan uttrykka motvilje i den offentlige debatten eller på sosiale medium. Dette kan ha ein forstørrande effekt, og drepa initiativlysta.
Utviklingsarbeid
Forskarane meiner at kvar enkelt kommune må finna sine eigne reglar og rutinar. Det er store forskjeller på lokalsamfunna, anten det er ein storby eller ei lita bygd, eller kvar i landet staden ligg.
Likevel har forskarane utvikla nokre prinsipp som kommunane bør møta eldsjelene med. Les meir på Forskning.no!