Filippinsk president får kritikk for å ha teke helikopter til Coldplay-konsert
Trafikken i Manila er kjent som verdas treigaste. Presidenten får kritikk for å oversjå problemet.
«Er det dette skattepenga mine går til?»
Det spør både gruppa Karpe og somme filippinarar seg. Førstnemnde i ein låt frå 2015, sistnemnde etter helgas Coldplay-konsert i Manila.
Ferdinand Marcos Jr, som er president på Filippinane, haustar nemleg kritikk for å ha brukt eit presidenthelikopter for å dra på Coldplay-konsert.
Trafikkaos
Avisa skriv at folk på sosiale medium har skulda Bongbong Marcos, som presidenten er kjent som, for å kaste vekk skattebetalarane sine pengar på helikopterturen. Samstundes må innbyggjarane og vanlege publikumarar dagleg forhalde seg til trafikken i Manila.
Metroen i det filippinske hovudstadsområdet blei nyleg kåra til den treigaste blant 387 byar i 55 land.
Det tok i 2023 i snitt 25 minutt og 30 sekund å reise 10 km med metro. Til samanlikning tok det 14 minutt og 20 sekund i Oslo-området, som enda som 187. treigaste i verda.
Til og med bandet spøkte med trafikken frå scena.
– Vi har sett ein del trafikk, men eg trur de har nummer éin i verda. Takk for at de tok bryet med å kome dykk gjennom alt det styret for å vere her, sa frontfigur Chris Martin, ifølgje The Guardian.
Tryggleiksrisiko
I sosiale medium har presidenten blitt kritisert for å ikkje gjere nok for å fikse trafikkproblemet i Manila. Andre meiner helikopterturen bryt med Coldplay sin visjon om meir miljøvenlege konsertar.
Det skal ifølgje presidentens tryggleiksteam ha vore 40 000 ivrige deltakarar på konserten, noko som førte til «uventa trafikkomplikasjonar».
Dei opplyser at trafikksituasjonen utgjorde ein potensiell trugsel mot tryggleiken til presidenten.
Transportdepartementet i landet skreiv fredag at dei gjennomfører infrastrukturprosjekt for vegtransporten, som både skal betre opplevinga for dei som pendlar og ta tak i trafikkproblema i urbaniserte område, ifølgje CNN.
● Les også: Coldplay på turne med dansegolv som lagar straum