Vekas viktigaste: Gruvedrift på havbotnen, omvendt valdsalarm og gjengvald i Ecuador
Kollasj av Framtida. | Foto: Peter Mydske / Stortinget, AP Photo/Dolores Ochoa, Åshild Slåen
Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Åshild Slåen
Publisert
Stortinget opnar for gruvedrift på havbotnen
Tysdag vedtok Stortinget å opne for mineralutvinning på norsk sokkel. Det skjer etter regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet sikra fleirtal med Høgre og Framstegspartiet for forslaget i desember.
Motstandarane er bekymra for korleis slik gruvedrift vil påverke dyrelivet i havet. Organisasjonane Spire og Natur og Ungdom meiner at minerala ikkje vil vere til hjelp i det grøne skiftet, sidan det vil ta fleire tiår før minerala kan utvinnast på ein stor skala.
– Det at ein tenkjer at ein skal løyse det grøne skiftet med prosjekt som kanskje skal setjast i gang om 30 år, er heilt på trynet, sa Gytis Blaževičius, leiar i Natur og Ungdom, til Framtida.no tysdag.
Fleire kom tidleg til markeringa mot gruvedrift på havbotnen tysdag 9. januar. Foto: Åshild Slåen | Foto: Åshild Slåen.
Ecuadors president Daniel Noboa erklærte denne veka fyrst unntakstilstand, og så intern væpna konflikt, i landet. Det skjedde etter omfattande gjengvald.
Tysdag tok væpna personar seg inn i studioa til TV-kanalen TC og tok gissel. Før det hadde det vore ei bølgje med kidnappingar av politifolk i landet, og ei rekke eksplosjonar.
Noboa vart valt som president i oktober og lova blant anna å kjempe mot den utbreidde kriminaliteten relatert til narkotika. Sjølv om Ecuador ikkje er ein stor produsent av kokain, er det vanleg i nabolanda Colombia og Peru, og landet sin bananindustri blir nytta for å smugle stoff vidare.
Soldatar patruljerar utanfor regjeringbygg i Ecuador 9. januar etter det vart erklært unntakstilstand. | Foto: AP Photo/Dolores Ochoa
Regjeringa vil framskunde bruk av omvendt valdsalarm
Valdsalarm er noko du kan få som gir deg direkte kontakt med politiet. Dette skal vere eit vernetiltak for personar utsette for vald. Omvendt valdsalarm er derimot ei fotlenke på den personen som potensielt utgjer ein trugsel mot ein spesifikk person. Fotlenka varslar politiet dersom personen kjem inn i eit område dei har blitt forbode frå å opphalde seg.
I desember vedtok Stortinget ei endring i lova som gjer det lettare å pålegge ei slik fotlenke når besøksforbod er slått fast. Endringa skal tre i kraft innan 1. juli, men regjeringa har varsla at dei ønsker å innføre endringa innan 28. mars, ved påsketider. No må justisdepartementet finne ut korleis dei skal innføre lova samstundes som rettstryggleiken blir teke vare på.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl seier dei arbeider for å skunde fram lovendringa med omvendt valdsalarm. Her frå Stortinget i juni 2023. | Foto: Peter Mydske / Stortinget
Statsminister vinn femte periode i Bangladesh – valet blir fordømt
Attal er både den yngste og den første opne skeive statsministeren i Frankrike. Han vart særleg kjent i Frankrike under koronapandemien, då han var talsperson for regjeringa.
Nyheita kjem etter Élisabeth Borne (62) måndag gav beskjed om at ho går av som statsminister.
Det har vore tradisjon for å ete hundekjøt i Sør-Korea, men dei siste åra er det færre yngre som gjer dette, og det har blitt meir vanleg med hundar som kjæledyr.
Den tre år lange overgangsperioden skal gi bønder og industrien høve til å omstille seg. Etter dette vil det å bryte forbodet kunne straffast med to til tre år fengsel eller ei bot på rundt 230 000 kroner.
Fleire reknar hundar som kjæledyr, ikkje mat, i Sør-Korea. Her med ein hund frå vestkysten av Sør-Korea. | Foto: insung yoon via Unsplash
Vil du få Vekas Viktigaste rett i innboksen?
Nyheitsbrevet kjem fredag morgon. Dersom du vil at vi skal fjerne deg frå lista er det berre å klikke på avabonner nedst i e-posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.