Matija (13) jobbar frivillig fire dagar i veka
13-åringen brukar mykje av fritida si på Bøler fritidsklubb, og vart nyleg heidra som Årets ungdomsmedverkar.
Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida Junior med støtte frå Fritt Ord.
– Eg likar det fordi eg gjev noko tilbake til klubben, sidan dei har gitt så mykje til meg. Så likar eg jo også den kjensla av at eg gjer noko godt i kvardagen.
Det seier Matija Klasic når me møter han på Bøler fritidsklubb i Oslo.
Sjokkert vinnar
Nyleg fekk Matija prisen for Årets ungdomsmedverkar av organisasjonen Ungdom og Fritid.
Det var studentavisa Journalen som først melde om saka.
– Eg blei veldig stolt over meg sjølv. Eg blei veldig glad for det og sjokka, for eg visste ikkje noko som helst, seier Matija Klasic til Framtida.
Premien for Årets ungdomsmedverkar er 10 000 kroner.
Ansvarleg for ungdomsklubben, Nathalie Rose Celik-Nordström, var den som nominerte Matjia, og synest prisen er fortent.
14 timar i veka
Matjia jobbar frivillig på både juniorklubben og ungdomsklubben. Det betyr at han jobbar tysdag til fredag kvar veke, i tillegg til nokre søndagar.
Det vert rundt 14 timar frivillig arbeid i veka, nokre gonger meir.
– Vil du anbefala til andre å vera frivillig og engasjera seg?
– Ja, det hadde eg. No er det jo opp til ein person kor mykje ein vil gjera det, kor lenge og når og kor, men det hadde eg absolutt. Det opnar veldig mange moglegheiter i livet for jobb og framtid, seier Matija, og legg til:
– Men det er jo ein ting eg gjer fordi eg synest det er bra og gøy. Eg hadde ikkje gjort det om eg syntest det var dritkeisamt. Det er jo kvart barn sin draum at ein kan sitja bak ein kiosk med godteri og telja pengar. Men eg har ei viss interesse for å laga mat, eg fekk ein seksar i mat og helse. Eg likar å vera med å gjera noko, det er det som er gøy.
Trivst på kjøkenet
13-åringen har jobba frivillig i eitt år og funne sin naturlege plass som seljar og kokk i kiosken, saman med ein vaksen.
– Eg tel varer, om me skal laga mat så dreg eg på butikken og handlar det me treng til den dagen. Mi oppgåve er at alle er nøgde med servicen i kiosken.
– Føler du at du lærer noko av det?
– Eg har lært ein del matte i kiosken kan ein seia, ler Matija Klasic, og legg til:
– Eg har lært service til andre, eg har jo blitt betre å snakka med andre menneske og blitt betre sosialt, svarar 13-åringen.
Noreg har hatt fritidsklubbar i over 70 år, men ikkje alle har ein klubb å gå til. Difor starta Ungdom og Fritid og Redd Barna ein underskriftskampanje for at det skal stå i lova at alle kommunar skal ha fritidsklubb.
Viktig møteplass
FNs barnekonvensjon slår fast at alle barn har rett til å delta i fritidsaktivitetar uavhengig av foreldra sin økonomi.
Matija Klasic meiner at ungdomsklubbar kanskje ikkje er det viktigaste for å sikra barn- og unge sine menneskerettar, men peikar på at dei har ei medverkande rolle i å gje unge ein plass der dei føler seg trygge og velkomne.
– Det er ein plass der barn kan ytra seg, seia kva dei meiner og gjera kva dei vil.
– Er det nokon du tenkjer at det er ekstra viktig for?
– Dei som kanskje ikkje har så mange vener, dei som kanskje nettopp har kome som flyktningar frå til dømes Ukraina. Og så er det ekstra viktig for barn som kanskje har litt lågare budsjett heime. Dei kan kanskje ikkje ha mange gjester heime hjå seg, så kan dei kome her.
FNs verdserklæring om menneskerettar artikkel 22
«Kvar einskild medlem i samfunnet har rett til sosial tryggleik, og har krav på at dei økonomiske, sosiale og kulturelle goda, som han ikkje kan vera utan om han skal ha vørdnad for seg sjølv og styrke den personlege karakteren sin, blir løyste gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt samarbeid i samsvar med det kvar stat maktar.»
FNs verdserklæring om menneskerettar
Artikkel 1: FRIDOM: Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leva med kvarandre som brør.
Artikkel 2: LIKEVERD: Kvar einskild har krav på all den rett og fridom som fråsegna nemner, utan skilnad av noko slag på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk syn eller anna meining, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, fødsel eller andre tilhøve. Den politiske stoda, lovverket eller dei internasjonale påboda eit land lever under, kan ikkje vera påskott til at det blir gjort skilnad på nokon i det landet eller området han høyrer til, anten landet har sjølvstende, står under tilsyn, er ikkje-sjølvstyrt eller sjølvstyret er avgrensa på nokon annan måte.
Artikkel 3: LIV: Alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik.
Artikkel 4: SLAVERI: Ingen skal haldast i slaveri eller trældom. Slaveri og slavehandel av alle slag er forbode.
Artikkel 5: TORTUR: Ingen må torturerast, pinast eller straffast på umenneskeleg eller nedsetjande vis.
Artikkel 6: RETTSSUBJEKT: Alle menneske har krav på at domstolane alle stader godtek dei som rettssubjekt.
Artikkel 7: LIKE FOR LOVA: Alle er like for lova og har krav på same rettsvern, utan skilnad av noko slag. Alle har krav på same vern mot at det blir
gjort skilnad på folk i strid med denne fråsegna, og vern mot tiltak som ber i seg ein slik fare.
Artikkel 8: DOMSTOLAR: Alle har rett til å få fullgod hjelp frå dei lovlege nasjonale domstolane når det gjeld handlingar som krenkjer den retten den einskilde har fått i grunnlova eller lovverket elles.
Artikkel 9: ARREST: Ingen må utan lov og rett arresterast, setjast i fengsel eller visast ut av landet.
Artikkel 10: UPARTISK DOMSTOL: Alle har same rett til å få saka si rettferdig og offentleg granska av ein sjølvstendig og upartisk domstol, både når det er pliktene og retten til den einskilde som skal fastsetjast, og når det er reist klagemål mot han.
Artikkel 11: RETTSHJELP:
1. Den som er klaga for ei straffbar handling, har rett til å bli rekna som skuldlaus til ein offentleg domstol, der han har fått full trygd for retten til å forsvara seg, har prova at han er skuldig etter lova
2. Ingen skal kjennast skuldig i ei straffbar handling når det han har gjort eller forsømt ikkje streid mot nasjonal lov eller folkeretten på den tida det hende. Han må heller ikkje dømast hardare enn det lova gav høve til då den straffbare handlinga vart utført.
Artikkel 12: AUTONOMI: Ingen skal lide under vilkårleg innblanding frå andre, anten det gjeld hans eigen person, familie, heim, brevskifte, eller åtak på ære og omdøme. Alle har krav på at lova vernar dei mot slik innblanding eller slike åtak.
Artikkel 13: FRI FERDSEL:
1. Alle menneske har rett til å ferdast fritt og til å velja bustad innafor grensene i sitt eige land.
2. Det skal også vera full rett til å reise ut av det landet ein bur i, same kva land det er, og til å vende attende til sitt eige land.
Artikkel 14: ASYL:
1. Alle som blir forfølgde har rett til å søkja og ta imot asyl i eit anna land.
2. Denne retten gjeld ikkje i rettssaker som har røynleg grunnlag i upolitiske brotsverk eller handlingar som strir mot formålet og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.
Artikkel 15. STATSBORGARSKAP:
1. Alle har rett til eit statsborgarskap.
2. Ingen skal misse statsborgarskapet sitt vilkårleg, eller bli nekta retten til å endra det.
Artikkel 16: FAMILIE:
1. Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og skipa familie utan avgrensing av noko slag på grunn av rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav på dei same rettane når det gjeld ekteskapet, både så lenge ekteskapet varer og medan det blir løyst opp.
2. Ekteskapet må berre kome i stand etter fritt og fullt samtykke frå begge partar.
3. Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på at staten og samfunnet vernar om det.
Artikkel 17: EIGEDOM:
1. Alle har rett til å ha eigedom åleine og saman med andre.
2. Ingen skal vilkårleg bli fråteken eigedomen sin.
Artikkel 18: RELIGIONSFRIDOM:
Alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom. Denne retten gjeld fridom til å endra religion eller tru, og fridom til å målbera sin eigen religion eller si eiga truslære i gjerning og framferd, anten åleine eller saman med andre, offentleg eller privat.
Artikkel 19: YTRINGSFRIDOM:
Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkja, ta
imot og gjera kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.
Artikkel 20: ORGANISASJONAR:
1. Alle har rett til fritt å vera med på møte og i organisasjonar med fredelege formål.
2. Ingen kan tvingast inn i ein organisasjon.
Artikkel 21: FRIE VAL:
1. Alle skal ha rett til å vera med på å styre landet sitt, beinveges eller gjennom talsmenn som er peika ut i frie val.
2. Alle skal ha same retten til å gjera teneste i offentlege ombod i landet sitt.
3. Folkeviljen skal vera grunnlaget for den makta som er lagd til styremaktene. Folkeviljen skal kome til syna gjennom regelfaste og røynlege val, som er grunna på allmenn og lik røysterett i løynlege val eller på annan jamgod røystemåte.
Artikkel 22: SOSIAL TRYGGLEIK:
Kvar einskild medlem i samfunnet har rett til sosial tryggleik, og har krav på at dei økonomiske, sosiale og kulturelle goda, som han ikkje kan vera utan om han skal ha vørdnad for seg sjølv og styrke den personlege karakteren sin, blir løyste gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt samarbeid i samsvar med det kvar stat maktar.
Artikkel 23: ARBEID:
1. Alle har rett til arbeid, til fritt å velja yrke, til rettferdige og gode arbeidstilhøve og vern mot arbeidsløyse.
2. Alle har same rett til å få lik betaling for likt arbeid, utan skilnad av noko slag.
3. Den som arbeider har krav på rettferdig og god betaling, så han kan syta for familien sin og seg sjølv på ein
menneskeverdig måte, og om det trengst, få hjelp gjennom andre og utfyllande sosiale midlar.
4. Alle har rett til å skipa og melde seg inn i fagforeiningar for å verne interessene sine.
Artikkel 24: FRITID:
Alle har rett til kvile og fritid, og dermed til ei rimeleg avgrensa arbeidstid, og til ferie med løn.
Artikkel 25: LEVESTANDARD:
1. Alle har rett til ein levestandard som kan tryggje helsa og velværet til forsytaren og familien hans, og gje dei mat, klede, hus, helsestell og nødvendige sosiale trygder ved arbeidsløyse, uføre, dødsfall, alderdom eller andre tilhøve som skiplar livskåra, og som forsytaren ikkje er herre over.
2. Mor og barn har rett til særskild omsorg og hjelp. Alle barn skal ha same sosiale vern, anten dei er fødde i eller utafor
ekteskapet.
Artikkel 26: SKULE:
1. Alle har rett til undervisning. Opplæringa skal vera kostnadsfri, i det minste i den allmenne grunnskulen. Den elementære undervisninga skal vera pliktig for alle. Alle skal ha høve til å få fagopplæring, og det skal vera like vilkår for alle til å få høgre utdanning, alt etter dei evnene dei har.
2. Undervisninga skal ha til mål å styrkja den menneskelege personlegdomen og auke vørdnaden for menneskerettane og den grunnleggjande fridomen, fremja skjønsemd, toleranse og venskap mellom alle nasjonar, folkeslag og religiøse grupper og stø fredsarbeidet til Dei Sameinte Nasjonane.
3. Foreldra har førsteretten til å velja kva slag opplæring barna deira skal få.
Artikkel 27: KULTUR:
1. Alle har rett til fritt å vera med i det kulturelle livet i samfunnet, til å nyta kunst og til å få sin part av dei vitskaplege
nyvinningane og goda som følgjer med dei.
2. Kvar einskild har rett til å få verna dei moralske og materielle interessene som han har skapt seg gjennom vitskapleg, litterært eller kunstnarleg arbeid.
Artikkel 28: SOSIALE KÅR:
Alle har krav på å få leva under slike sosiale kår og internasjonale tilhøve at dei fullt ut kan gjera til røyndom retten og fridomen i denne fråsegna.
Artikkel 29: PLIKT OG ANSVAR:
1. Alle har plikter andsynes samfunnet, då personlegdomen til den einskilde einast der kan få frie og fullgode voksterår.
2. Retten og fridomen til den einskilde skal ikkje vera avgrensa av anna enn det lova tydeleg slår fast for å tryggje den vørdnaden alle andre har krav på når det gjeld rett og fridom, og dei krav som eit demokratisk samfunn med rette kan setja til moral, offentleg orden og allmenn velferd.
3. Denne retten og fridomen kan ikkje i noko høve nyttast i strid med formålet og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.
Artikkel 30: INGEN OVER:
Ikkje noko i denne fråsegna må tolkast slik at det gjev stat, grupper eller einskildmenneske rett til å vera med på tiltak eller handlingar av noko slag som har til mål å øydeleggja den retten og fridomen som denne fråsegna stadfester.
FNs verdserklæring om menneskerettar vart vedteke av FN si generalforsamling i Paris 10. desember 1948.