Vekas viktigaste: Klimasøksmål, mineralutvinning frå havbotnen og overgrep i iranske fengsel
Her er dei viktigaste sakene frå den siste veka.
Marie Knutsen Bruntveit
Publisert
Frifunnen i Birgitte Tengs-saka
Tysdag vart Johny Vassbakk frikjend for drapet på Birgitte Tengs frå 1997. Vassbakk vart opphaveleg funnen skuldig i drapssaka i februar i år, men anka saka til Gulating lagmannsrett, som frifann han.
Siktinga mot Vassbakk kom etter det vart oppdaga DNA-spor på hendene og strømpebuksa til Tengs i 2019. Spora leia til Vassbakk, men òg til fleire andre, ukjende personar.
I kjenninga rettar lagmannsretten sterk kritikk mot politiet og påtalemyndigheiter som arbeida med dommen frå februar.
– Så lenge ein ikkje veit kven som er opphavet til dei andre biologiske spora, er det vanskeleg for lagmannsretten å forstå korleis dette kan vera i tråd med forsvarleg bevisvurdering, heiter det i kjenninga.
I etterkant av rettsskjenninga varsla Vassbakk sin advokat at det kjem rettsleg etterspel.
Amnesty: Bruk av seksuell vald utbreitt i Iranske fengsel
I ein ny rapport frå Amnesty kjem det fram at iranarar som har blitt fengsla etter deltaking i kvinne, liv, fridom-rørsla har blitt utsette for grov seksuell vald i fengsel.
Rapporten fortel om 26 menn, 12 kvinner og sju barn som vart utsette for valdtekt, gruppevaldtekt og andre former for seksuell vald av personar knyttt til politiet og det offentlege i Iran.
– Dei skakande vitnesbyrda me har samla viser til eit mønster med bruk av seksuell vald som eit nøkkelvåpen i iranske styresmakter sitt arsenal for undertrykking av demonstrasjonane og dissens for å halda på makta for kvar ein pris, sa generalsekretær Agnès Callamard i Amnesty International om situasjonen i Iran.
Kvinne, liv fridom-demonstrasjonane starta i september 2022, etter drapet på Mahsa Jina Amini fekk stor internasjonal merksemd. Det siste året har fleire tusen iranarar blitt arresterte for å delta i demonstrasjonar og brot på sedelegheitslovane.
Iranske styresmakter har ikkje uttalt seg om den ferske rapporten.
Semje om gruvedrift på havbotnen
Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart denne veka samde med Høgre og Framstegspartiet om gradvis opning for gruvedrift på havbotnen.
Semja mellom dei fire partia gjer at det no er fleirtal på Stortinget for å løyve utvinning av mineral frå havbotnen.
Langs den norske kysten finst det eit stort mangfald av mineral som kan brukast til å produsera mellom anna batteri og vindmøller.
Semja har møtt sterk kritikk frå forskarar, miljøorganisasjonar og opposisjonen på Stortinget. Kritikarar meiner at gruvedrift på havbotnen vil ha store konsekvensar for det biologiske mangfaldet på der.
Leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan, kallar opninga for mineralutvinning eit katastrofeprosjekt. Onsdag tok Haugan imot «Fossil of the Day»-prisen frå aktivistgruppa Climate Action Network på klimatoppmøtet i Dubai.
– Det er heilt på sin plass at Noreg får denne prisen når regjeringa prøver å pusha gjennom eit katastrofeprosjekt som eit argument for å bidra til grøn omstilling, skriv Haugan i ei pressemelding.
I ei pressemelding, skriv Høgre at det er stort behov for mange av desse minerala i åra framover, men at det er behov for grundig miljøkartlegging før eventuelle utvinningsprosjekt kan få grønt lys.
– Utvinning skal berre tillatast dersom framtidig kunnskap viser at det kan gjerast berekraftig og forsvarleg, og etter at regjeringa har lagt fram eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om miljøet på djuphava, seier Høgres saksførar Bård Ludvig Thorheim.
Storbritannia avgrensar innvandring
Tysdag annonserte den britiske regjeringa ein ny plan for å redusera innvandring til Storbritannia. Dei fem tiltaka i den nye planen vil, ifølgje den britiske innanriksministeren, føra til at 300 000 av dei som innvandra til landet i 2022, hadde blitt avvist om dei kom no.
2022 var eit rekordår for innvandring til Storbritannia, då som førte til ein auke med 745 000 personar.
I dag må ein enkeltperson ha ei inntekt på 26 200 pund, om lag 359 000 kroner for å få opphalds- og arbeidsløyve i Storbritannia. Frå våren 2024 vil den nedre grensa bli auka med nesten 50 prosent, til 38 700, om lag 530 000 kroner.
- Helsearbeidarar får ikkje lenger ta med familiemedlem.
- Auke eigendelen arbeidsinnvandrarar må betala for å nytta seg av nasjonale helsetenester.
- Auka inntektskravet for familiar frå 18 600 pund (254 979 kr) til 38 700 pund (530 797 kr).
- Revidering av visumordningar for utanlandske alumni frå britiske universitet.
- Forby selskap å lønna arbeidarar 20 prosent mindre enn snitt for utsette stillingar.
– I alt, vil denne pakka, i tillegg til reduksjonen vår i studentar med forsørgjaransvar, bety at rundt 300 000 færre vil komma i framtidige år enn har komme til Storbritannia i fjor, sa Innanriksminister James Cleverly om den nye planen.
Generalsekretæren i det britiske fagforbundet Unison, Christina McAnea kallar tiltaka potensielt katastrofale for helse- og sosialsektorane.
– Arbeidsinnvandrarar vart oppfordra til å komma fordi begge sektorane er kritisk underbemanna. Sjukehus og sjukeheimar fungerer rett og slett ikkje utan dei, seier McAnea om dei nye reglane.
Klimasøksmålet er ferdig i retten
Det andre klimasøksmålet i norsk historie er ferdig i retten.
Det er Natur og Ungdom (NU) og Greenpeace som har gått til sak mot staten for å fjerne godkjenninga av tre nye oljefelt i Nordsjøen. Miljøorganisasjonane meiner godkjenninga av planane for utbygging og drift av felta Yggdrasil, Breidablikk og Tyrving bryt med konsekvensutgreiingsplikta.
Dei saksøker no staten for det dei meiner er brot på Grunnlova, EØS-rettar, den europeiske menneskerettskonvensjonen, FNs barnekonvensjon og ein tidlegare høgsterettsdom frå 2020.
Siste dag av rettssaka var NU-leiar Gina Gylver sikker på at klima og miljø har vunne fram.
– Vi føler oss sikre på siger og ventar i spenning på dommen frå Oslo tingrett, sa Gylver.
Dommen er venta i januar 2024.
✨ Lyspunkt ✨ Regjeringa opprettar Jon Fosse-stipend
Stipendet skal delast ut årleg av Nasjonalbiblioteket og NORLA Senter for norsk litteratur i utlandet til nokon som arbeidar med omsetjing av norsk litteratur til andre språk.
– At dette blir kunngjort midt i nobelveka gjer sjølvsagt denne veka endå viktigare både for meg og for norsk litteratur, seier Fosse om annonseringa av stipendet.
Fosse reiser denne veka til Stockholm for å ta imot nobelprisen i litteratur. Til NTB seier forfattaren at han er svært takksam for opprettinga av stipendet.
Stipendet skal delast ut i samband med eit årleg føredrag i Fosse sitt namn. Fosse vil sjølv vera involvert i både utveljing av kven som skal få stipendet og føredragshaldarar.
Både summen og dato for utdeling er enno usikker, men Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) bekreftar at fyrste utdeling vil hende i 2024.
– Dette er gåva vår i samband med nobelprisen til Jon Fosse. Det er ein måte å heidra han på, seier Jaffery til NTB.