Dei Grøne vil ha klimaprosent
Miljøpartiet Dei Grøne vil innføre ein klimaprosent, etter mønster av bistandsprosenten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Partiets stortingsrepresentant Rasmus Hansson kom med målsetjinga i sin tale til landsmøtet fredag. Forslaget inneber at 1 prosent av brutto nasjonalinntekt, tilsvarande 30 milliardar kroner kvart år, skal brukast på klimatiltak i utviklingsland.
LES OGSÅ: Mindre olje, meir rettferd
Mesteparten av pengane skal overførast til FNs nyoppretta klimafond.
MDG held i helga sitt første landsmøte som stortingsparti.
LES OGSÅ: Dei grøne vil vinne kommunane