Hårprøver skal gi forskarane svar på stressnivået hos studentar
Ved å måle kortisolnivået i hårstrå frå deltakarane skal forskarar ved Noregs arktiske universitet kartleggje studentars stressnivå.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet skal måle stressnivåa til studentar ved hjelp av hårprøver, skriv NRK.
Metoden som skal brukast, dreier seg om å måle kortisolnivået, som kan fortelje noko om kvar stresset studentane er, i hårstrå.
– Håret veks cirka ein centimeter i månaden. Når det har vakse tre centimeter, kan vi seie noko om stressnivået ditt dei siste tre månadene, seier prosjektleiar Kristin Benjaminsen Borch til NRK.
I tillegg til at forskarane skal samle 100 hårstrå frå kvar deltakar, skal dei også bruke spørjeskjema og intervju for å finne ut av korleis dei best måler stress.