Oslo tingrett: 23-årsgrense er ikkje ulovleg aldersdiskriminering
For tre år sidan kom Diskrimineringsnemnda fram til at ein utestad med 23-årsgrense dreiv ulovleg aldersdiskriminering. No seier Oslo tingrett det motsette.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utestaden Festiviteten på Hamar vart ramma av Diskrimineringsnemndas avgjerd. Dei har likevel halde fram med å operere med 23-årsgrense etter at ein testlaurdag med 20-årsgrense viste seg å føre til mindre omsetning og meir «fiendtlig og uvøren opptreden blant gjestene», skriv Rett24.
Festiviteten har oppgitt at formålet med aldersgrensa er omsynet til ei ønskt kundesamansetning og for å unngå bråk og uro blant yngre gjester, og dessutan økonomisk interesse.
Oslo tingrett meiner utestaden er i sin fulle rett.
«Etter rettens syn er det videre et saklig og legitimt formål for en nattklubb å ønske at gjestene skal være over en viss alder, slik det også er lagt til grunn i NOU-en. Slike aldersgrenser har lange tradisjoner i norsk uteliv, og retten finner ikke grunn til å betvile at gjestenes alderssammensetning kan påvirke ulike aldersgruppers interesse for en nattklubb», skriv tingretten.
Vidare påpeikar dei at personar som blir ramma av den aktuelle aldersgrensa, har andre utestader å dra til fram til dei blir gamle nok, og at aldersdiskrimineringa derfor har avgrensa konsekvensar.
Konklusjonen er dermed at 23-årsgrensa er lovleg forskjellsbehandling etter diskrimineringslova § 9. Festiviteten blir tilkjend 300.000 kroner i sakskostnader.
– Dette er ein god og viktig dom. Diskrimineringsnemnda har over tid utvikla ein streng praksis, som i realiteten inneber at utestader ikkje kan setje sine eigne aldersgrenser. Retten slår no fast at denne praksisen byggjer på feil rettsoppfatning. Dette er ein siger både for utestadene og utelivsgjestene, seier advokat Trym Bjørndal Portvik, som har prosedert saka på vegner av utestaden, til Rett24.