Island:
Første heile streikedag for kvinner på nesten eit halvt hundreår
Den islandske statsministeren skal vere blant dei som deltar i streiken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag er det venta at fleire titusen islandske kvinner og ikkje-binære personar skal gå ut i streik. Det skriv The Guardian.
Dei streikande krev lik lønn blant kjønna og betre tiltak mot kjønnsbasert vald.
Satsministeren skal streike
Blant dei bekrefta deltakarane i streiken er mellom anna arbeidarar innan fiskeindustrien, lærarar og sjukepleiarar. Landets statsminister, Katrín Jakobsdóttir, skal også vere med og streike.
Ifølgje avisa forventar ho at Statsministerens kontor ikkje jobbar på streikedagen.
– Først og fremst vil eg vise solidaritet med islandske kvinner med dette, seier ho til den islandske avisa Morgunbladid.
Første heildagsstreik på 48 år
Tysdagens streik er den første heile dagen med streik som blir arrangert av kvinner og ikkje-binære personar på Island på 48 år.
NTB skriv i ei pressemelding at streiken i 1975 førte til sentrale endringar i landet. Mellom anna spela den ei rolle for at Vigdís Finnbogadóttir vart den første demokratisk valde presidenten i verda fem år etter.
Den gjaldt berre kvinner, medan tysdagens streik også er for ikkje-binære personar. Berre i hovudstaden Reykjavik er det venta at rundt 25 000 personar skal streike, og sannsynlegvis blir det den største kvinnestreiken i landet nokosinne, skriv The Guardian.
Streiken er planlagt av over 40 forskjellige organisasjonar. Slagordet deira er «Kallarðu þetta jafnrétti?», som på norsk blir «Kallar du dette likestilling?».
Framleis forskjellar mellom kjønna
Trass i at Island toppar World Economic Forums rangeringar for kjønnsforskjellar 14. året på rad i 2023 og blir rekna som det mest likestilte landet i verda, er det framleis store lønnsforskjellar blant kjønna. Kjønnsbasert og seksuell vald mot kvinner er også svært utbreidd i landet.
Ifølgje The Guardian tenar islandske kvinner framleis 21 prosent mindre enn menn. Yrke som tradisjonelt er knytt til kvinner, slik som reingjering og omsorgsyrke, er også enno undervurdert og underbetalt i landet. Meir enn 40 prosent av kvinnene i landet har opplevd kjønnsbasert eller seksuell vald.
– Me blir snakka om, Island blir snakka om, som om det er eit likestillingsparadis, men eit likestillingsparadis bør ikkje ha eit lønnsgap på 21 prosent, og 40 prosent kvinner som opplever kjønnsbasert eller seksuell vald i løpet av livet. Det er ikkje det kvinner over heile verda strevar etter, seier Freyja Steingrímsdóttir, ein av streikearrangørane og kommunikasjonsdirektør for den største offentlege islandske arbeidstakarforeininga, BSRB, til avisa.