– Tek born på alvor
Målprisen 2014 går til TV-kanal for born.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– NRK Super får prisen fordi dei tek born i heile landet på alvor også språkleg, gjennom systematisk satsing på språkleg variasjon, mangfald og ulike produksjonsstader. På få år er nynorskbruken meir enn dobla, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs mållag.
Snuoperasjon
Ho peikar på at frå oppstarten i 2008, var NRK Super ingen opplagt priskandidat.
– Nynorskbruken var på eit lågmål, og i dei fyrste diskusjonane tyda mykje på at endringar ville ta tid. Slik det ganske enkelt må i somme verksemder. Den snuoperasjonen som har skjedd, er det grunn til å applaudera – for ikkje å seia prisa. Og i år har mållaget valt prisen, seier Tennø.
Statskanalar i mange land har krevjande utfordringar med stadige diskusjonar om rolla deira som allmennkringkastarar. Noreg er ikkje noko unnatak.
LES OGSÅ: Låg nynorskbruk i NRK
– For nynorsken, for dialektane, for samisk, ja, for alle andre enn bokmålet og det sentrale austlandet, ville fjernsynstilbodet i Noreg sett heilt annleis ut utan ein allmennkringkastar. Dei mange ulike og skiftande mindretala treng ein statskanal, som kan ta omsyn til alle i tur og orden, stå for variasjon endå om det kostar.
Landsmøtet
Målprisen vert delt ut ved opninga på landsmøtet i Noregs Mållag fredag.
Det er Hildri Gulliksen, programredaktør i NRK Super, som tek imot prisen på vegner av NRK Super. Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, deler ut prisen, opplyser mållaget i ei pressemelding.
LES OGSÅ:Målrørsla jublar for NRK Super