EU set krav til berekraftig design
Dei nye krava vil gjelde for mobiltelefonar og nettbrett som blir sette på marknaden frå 20. juni 2025.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dagens korte levetid på mobiltelefonar gjer at vi ofte må kjøpe ny, noko som får stor negativ påverking på klima og miljø. No er EU samde om krav for mobiltelefonar og nettbrett som skal gjere at dei får lengre levetid.
Krava skal mellom anna gjere produkta meir energieffektive og haldbare slik at energibruken og den totale klima- og miljøbelastninga blir minimert og gjere at forbrukarar enkelt kan reparere, oppgradere og halde ved like produkta, slik at dei får lengre levetid og avfallsmengdene reduserast
I tillegg får produsentar og importørar får mellom anna informasjonskrav om å informere om minimum batterilevetid og informere om kor mykje av produktet som er mogleg å bruke om igjen eller materialattvinne og kor mykje av produktet som er materialattvunne.