Multikunstnar Don Martin (44) ville bytta til norsk rap med det same, om han var 20 år igjen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg var i Oslo og dreiv mest med graffiti og musikk. Men det var også eit år kor eg måtte finne ei retning, kor eg braut med ein del gamle ting og måtte finne ut av kor eg ville og korleis eg ville vere.
Martin Ahzami Raknerud (44), betre kjend som «Don Martin», har i over 20 år vore ein nøkkelperson i norsk rap og hiphop. Dei siste åra har han hatt konsertar, skrive teaterforstillingar, og gitt ut teikneserien Blokk til blokk basert på ein av teaterførestillingane på Det Norske Teatret.
Det var ikkje sjølvsagt då han var 20 år.
– Eg stod midt mellom fleire stolar og fleire vegar å gå. Og mange konfliktar og ting som skjedde, skriv Don Martin i ein e-post til Framtida.
Beats og Bjørneboe
Året er 1998. Det var krig i Jugoslavia, Bill Clinton presiserte at «I did not have sex with that woman» og rapparen Dr. Dre gjorde comeback.
Samstundes fekk Don Martin seg jobb i ein platebutikk som ein barndomskompis dreiv, på Olaf Ryes plass i Oslo. Der selde han vinylplater med elektronika og hiphop og høyrde på rap.
– Dei fleste dagane jobba eg der med techno-legenda DJ Arildo Dildo, som også er frå Romsås. Og så dreiv eg med graffiti. I lokalet ved sidan av låg det ein deli, eller skal vi kanskje si delikatessesjappe, og dei gutta inne på den sjappa lærte meg å drikke kaffi. Eller lurte meg til å kjøpe masse kaffi, kan ein også seie.
Rap dominerte for Don Martin. Han nemner Nas, Busta Rhymes, The Coup, Lootpack, og ein engelsk rappar, Roots Manuva som sleppte sine første singlar og musikk.
– Det fekk meg til å byrje å produsere beats igjen, som eg ikkje hadde gjort på eit år eller meir, og til å byrje å skrive nye tekstar. Seint det året eg var 20 sleppte Method Man & Redman sitt samarbeidsalbum «Blackout». Det både spilte vi sjukt mykje og selde vi sjukt mange av. Det er framleis eit dritbra album.
I tillegg meiner han å hugse at det var året han las «Bestialitetens historie» av Jens Bjørneboe.
Tenk lengre og byt til norsk
Det sterkaste minnet Don Martin har frå det året er å flyte rundt om kring ute.
– Visste du kva du skulle bli i livet?
– Eg hadde ikkje nokon plan for kva eg skulle bli. Eg var konsentrert på kva eg var der og då og kva eg gjorde.
Han trur likevel han ville hatt sympati dersom han møtte den 20-åringen i dag. Og eit par tips:
– Tenk lengre og ta ting i ditt eige tempo.
– Og kanskje bytt heilt til å rappe på norsk. No med ein gong.