Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

– Eg var i Forsvaret i 2. bataljon på Skjold i Indre Troms, som bombekastar. På den tida var det ingen som slapp unna, skriv Zahid Ali på e-post til Framtida.no. 

Dei meinige måtte opp klokka fem kvar dag, med mindre ein blei vekt av alarmen, ei bøtte med vatn eller eit blåseinstrument midt på natta.

– Alt blei bestemt for deg, til og med når du fall, var det eigne instruksar på korleis du skulle falla, kva du måtte ropa og i kva retning du helst burde falla.

Zahid Ali i kjole

Zahid Ali visste tidleg at han ville bli komikar. Foto: Privat

Frå forsvar til folkehøgskule

Norsk-pakistanske Zahid Ali slo igjennom som stand up-komikar i 1999, året han fylte 23.

Allereie som 20-åring tenkte Ali at han ville bli komikar av eitt eller anna slag, men visste ikkje heilt korleis.

– Eg byrja på folkehøgskule seinare på året på musikk/teater-linja og det blei eit fantastisk år, heilt motsett av Forsvaret, minnest 46-åringen.

Etter året på Ringerike folkehøgskole gjekk det ikkje lang tid før Ali slo igjennom. I løpet av 2000-talet var han å sjå i både filmar og TV-produksjonar, som Rikets røst, Jul i Tøyengata og Hellfjord. Sistnemnde var ein slags humor-krim som Ali var med å skriva.

No har Ali teke opp att pennen og bokdebuterer med komikrimmen Svaber – en vaskeekte detektiv på Gyldendal forlag.

Lindas noveller

Men tilbake til midten av 90-talet: For soldatane i Nord-Noreg var det lite lesestoff. Då gjekk det heller i sjampoflasker, baksida av potetgullposar, rare skilt og Linda Johansen sine noveller.

– Det var absolutt ingenting å finna på. Folk grov ned pornoblad hundre meter inn i skogen og kjedelas brukarrettleiinga på sjampoflaska om og om igjen, berre for å få tida til å gå. Eg fordreiv tida mi med mellom anna å læra meg det fonetiske alfabetet (Alfa, Bravo, Charlie, Delta osv.) – som framleis sit som ei kule.

20-årsdagen 30. juni 1996 blei feira med hermetisert mat i skogen, saman med soldatvenene. Men den viktigaste personen i livet til Ali det året var befalet.

– Dei bestemte om eg skulle vera i himmel eller helvete, eller ein eller anna uviss stad midt imellom. 

Spøk på ramme alvor

Eit par hendingar sit framleis godt i minnet. Som den gongen soldatane skulle prøva ut CS-gass og maska til Ali mangla munnstykke, noko som nesten enda med kveling.

– Eg byrja å krabba på golvet og prøvde å kome ut. Eg spøkte veldig mykje i Forsvaret, så dei andre trudde berre eg spelte. Det var som å ropa «ulv, ulv». Det var først då eg byrja å skrapa på veggane til neglene mine blei blodige, at dei andre soldatane forstod alvoret. Etter fem minutt kom eg meg endeleg ut. 

Zahid Ali med briller og falskt auge

Zahid Ali spøkte mykje i Forsvaret. Foto: Privat

Det andre minnet var ei større vinterøving i 45 minusgrader.

– Då vi var framme skulle vi setta opp eit nokså tettpakka telt og alt av nødvendig utstyr. Etterpå fekk vi leggja oss, men berre 15 minutt seinare blei vi vekt og måtte pakka alt ned igjen. Slik heldt det fram kvar halvtime i sju dagar. Eg hadde mareritt om hendinga i ettertid. Spesielt ordet «hundepølse», eller «hundepøls!!!» (på trøndersk) – som var kodeord for EVAKUER!

4000 liter kanadisk øl

Zahid Ali meiner han framleis dreg nytte av erfaringane.

– Til dømes om eg er på byen og ikkje får tak i taxi, og det er 8 kilometer heim, så veit eg at eg faktisk berre kan gå, skriv Ali. 

Han minnest òg at ein av livets beste festar skjedde i Forsvaret, då ti kanadiske soldatar kom på utveksling med spesialfly, eigne kokkar og 4000 liter kanadisk øl.

– Sjølv om det ikkje var lov med alkohol på leir, blei det gjort eit unntak, og det blei ein kjempefest. Vi var vel om lag 40 stykk, og det blei grilling og god mat i tillegg til ølet. Det enda med at befalet losna ufrivillig på snippen – nokon gjekk bananas og pissa på veggane og gjorde mykje anna tull. Dimed følte vi at vi også kunne gjera kva vi ville. Det gjorde inntrykk, skriv Ali, og legg til:

– Eg innsåg for første gong då, etter mange månadar med hjernevasking, at alle offiserane spelte, og eg fekk sjå fleire av dei «verkelege» personane bak «djevelmaskene».

Zahid Ali med våpen og militærklede

Zahid Ali var i Forsvaret på Skjold i Målselv som 20-åring. Foto: Privat

Tankelaus tid livslang lærdom

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– I Forsvaret var det ikkje så mykje moglegheit til å tenkja. Det var andre som tenkte for deg. Det handla mest om å ta ut nellik for nellik av den blågrøne blaute appelsinen eg hadde over vasken og overleva Forsvaret, minnest Ali. 

Sjølv om Forsvaret verka ganske meiningslaust og då kunne skildrast som dei tolv verste månadane i livet, ser Ali positivt tilbake på det i ettertid.

– Ein lærer mykje om sine avgrensingar og det formar deg som person. Eg meiner at førstegongstenesta skal vera obligatorisk for alle, og eit år i Forsvaret er noko alle hadde hatt godt av. 


Jonas Gahr Støre som ung og gamal

Jonas Gahr Støre før og no. Foto: Lise Åserud / NTB