Studieavgift for utanlandske studentar får støtte i befolkninga

Studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits må no betale studiepengar i Noreg som hovudregel. Folk flest synest å støtte opp om dette vedtaket.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

57 prosent av dei spurde i ei meiningsmåling gjennomført av Opinion på vegner av Universitetet i Bergen, er samde i at studentar frå land utanfor EU og EØS no skal byrje å betale for å studere i Noreg, skriv Khrono.

27 prosent svarer at dei er usamde. 32 prosent er noko samd i spørsmålet, og 6 prosent oppgir at dei ikkje veit.

Kvinne står ute i muséhagen.

Rektor ved Universitetet i Bergen Margareth Hagen
Foto: Andrea Magugliani/UiB

Regjeringa har den siste tida fått mykje pepar blant studentpolitikarar og akademikarar for vedtaket.

– Retorikken har i stor grad handla om at sidan norske studentar må betale i utlandet, er det berre rett og rimeleg at utlendingar må betale hos oss. Eg trur ikkje vi har lykkast med å nå ut med at dette handlar om større spørsmål enn som så, seier rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen til Khrono.

Nestleiar Ivar Fossberg Aulie i Høgres Studenter seier at studieavgifta er rettferdig.

– Det har vore ein overreaksjon frå delar av studentmiljøet mot eit forslag som var svært modent, seier han.


Leiar i Norsk Studentorganisasjon Maika Godal Dam (t.v.) og påtroppande leiar i Studentene og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond, Selma Bratberg, fryktar konsekvensane av at internasjonale studentar ikkje får tilgang på gratis utdanning i Noreg. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO, SAIH