Rektorar og elevar i Oslo vil flytte russetida
Det viser ei undersøking som Osloskolen har gjennomført.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det var VG som fyrst omtalte saka.
Osloskolen har gjennomført ei undersøking blant elevar og rektorar som viser at fleirtalet ynskjer å flytte russetida til etter eksamen. Undersøkinga vart sendt ut i juni og 1900 personar har svart.
– Elevane våre fortener ei avgangsmarkering etter 13 års skulegang, men feiringa treng ikkje å føregå midt i eksamensperioden, seier Marte Gerhardsen, direktør i Osloskulen, til VG.
Ingen av rektorane som har svart ynskjer å halde på russetida i april og mai. Fleirtalet av elevane er også for å flytte feiringa.
Gerhardsen seier det stadfestar det dei allereie visste, og at dei arbeidar for å få til ei inkluderande markering som alle kan vere med på.