Nordstoga-brørne er Årets nynorskbrukarar

Aasmund og Odd Nordstoga er kåra til Årets nynorskbrukarar 2014.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er Årets nynorskbrukarar

Dei får prisen for konsekvent og stilsikker bruk av dialektfarga nynorsk i mange former for songlyrikk, frå klassikarar til nyskrivne verk som raskt har kome på folkemunne, seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.

Prisen er på 100.000 kroner og blir delt likt mellom prisvinnarane. Prisen blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 26. juni.

– Vi er stolte over å vere i så godt selskap! seier prisvinnarane.

– Og så er det veldig moro å bli sett pris på og lagt merke til for noko så personleg og viktig som språket, av eit så kompetent organ som Nynorsk kultursentrum. Det både forpliktar og inspirerer – tusen takk!

LES OGSÅ: Meir for dei minste frå Odd Nordstoga

Songlyrikk på nynorsk er viktig
– Denne prisen framhevar den språkpolitiske verdien av at nynorsk blir brukt i så mykje songlyrikk. Det har hatt mykje å seie for utbreiinga av nynorsk og respekten for nynorsk. Brørne Nordstoga bruker populære lyrikkformer til å halde oppe og fornye denne litterære tradisjonen. Svært få songlyrikarar får slike allmenne prisar, seier Grepstad.

Det er 15. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk. 

LES OGSÅ: Her er blogg-råda til Årets nynorskbrukar

16 cd-ar og ny bok
Aasmund Nordstoga (fødd 1968) har gitt ut fire cd-ar sidan 2009, og Odd Nordstoga (fødd 1972) har gitt ut 12 cd-ar sidan 1997. Begge var svært aktive i Språkåret 2013, kvar på sine måtar, og saman med Ingebjørg Bratland framførte Odd Nordstoga ein nyskriven landssong på nynorsk ved opninga av Grunnlovsjubileet på Eidsvoll i februar. Nyleg gav Det Norske Samlaget ut «Song for deg og meg» i ny utgåve, redigert av Odd Nordstoga.  

For første gong på lenge har Aasmund og Odd Nordstoga ein stor felleskonsert opningskvelden under Dei nynorske festspela, få timar etter at dei offisielt er blitt kåra til Årets nynorskbrukarar 2014.

Faktaboks

Årets nynorskbrukar 2000–2014

2000  Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001  Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002  Ringstabekk skole
2003  Redaktør Martin Toft
2004  Musikkgruppa Side Brok
2005  Forfattar Kjartan Fløgstad
2006  Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007  Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008  ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009  Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010  Forfattar Maria Parr
2011  Bloggar Linda Sæbø
2012  Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
2013  Filosofen Gunnar Skirbekk
2014  Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga