Riksrevisjonen: – Universitet og høgskular prioriterer ikkje kvalitetsarbeid

Universitet og høgskular legg ikkje godt nok til rette for at undervisarane skal kunne arbeide med kvalitetsutvikling i studieprogramma. Det viser ei ny undersøking frå Riksrevisjonen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Talet på studentar som blir ferdige på normert tid har auka dei siste ti åra, men framleis brukar nesten halvparten av studentane i Noreg meir enn normert tid på studiane sine. Det kjem fram i ei pressemelding frå Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen har undersøkt korleis utdanningsinstitusjonane legg til rette for å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma og korleis støtta frå staten støttar opp om dette.

Resultata viser at institusjonane ser på utviklingsarbeidet som viktig for å betre studiegjennomføringa, men at dei ikkje set av tilstrekkeleg med tid til dette.

– Å prioritere slikt arbeid er nødvendig for å sikre god utdanningskvalitet og å betre studiegjennomføringa. Det er avgjerande at universitet og høgskular er merksame på samanhengen mellom studiegjennomføring og kvaliteten i studieprogramma, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.