Jublar for nytt stemmerettsforsok

Forsøksordninga med stemmerett for 16-åringar frå kommunevalet i 2011 blir truleg vidareført ved neste lokalval, varslar kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar for stemmerett

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre spør i eit skriftleg spørsmål Sanner om korleis regjeringa vil følgje opp evalueringa. Torsdag kom svaret frå Sanner. Der står det at regjeringa ikkje vil lovfeste stemmerettsalder på 16 år, men at departementet har merkt seg det politiske engasjementet i saka.

– Departementet tek difor sikte på å vidareføre forsøksordninga med nedsett stemmerettsalder ved kommunevalet i 2015, skriv Sanner.

LES OGSÅ:Høyr på Kongen – la unge få påverka

– Svært gledeleg
Rotevatn ser positivt på svaret frå regjeringa.

– Det er svært gledeleg at regjeringa vil la 16- og 17-åringar stemme også ved neste lokalval. Det gir moglegheit til å skaffe meir kunnskap, og det gir fleire moglegheit til å delta i demokratiet, seier han til NTB.

LES OGSÅ:– Blir overkøyrt utan stemmerett

Håpar på utviding
Ved valet i 2011 deltok 20 kommunar i forsøksprosjektet med nedsett stemmerettsalder.

Stian Seland, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), er også svært glad for at forsøket held fram.

– Eg håpar også at talet på kommunar som får vera med blir utvida, slik at alle som ønskjer å delta i stemmerettsforsøket får lov til å delta, seier han til Framtida.no.

I 2011 var det 143 kommunar som søkte om å få vera med. Allereie har Oslo bystyre vedtatt at dei vil søkja om å delta i stemmerettsforsøket.

Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar? Skriv meininga di i kommentarfeltet!