Regjeringa foreslår forbod mot konverteringsterapi
Regjeringa la fredag fram eit forslag til korleis konverteringsterapi skal forbydast.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Endeleg. Konverteringsterapi er ei uakseptabel innblanding i folks seksuelle orientering og kjønnsidentitet, som øydelegg liv – no blir det endeleg forbode, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) i ei pressemelding.
Ho legg fram forslaget på ein pressekonferanse saman med justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) klokka 12.30 fredag.
Forbodet mot å utføre konverteringsterapi vil ramme «den som krenkjer ein annan ved å bruke psykoterapeutisk, medisinsk, alternativmedisinsk eller religiøst baserte metodar eller liknande systematiske framgangsmåtar, i den hensikt å påverke vedkommande til å endre, fornekte eller undertrykkje den seksuelle orienteringa eller kjønnsidentiteten sin».
Særskilt vern for barn
Regjeringa foreslår at barn blir gitt eit særskilt vern. Vidare foreslår regjeringa at forbodet mot å utføre konverteringsterapi også skal gjelde der nordmenn utfører denne typen handlingar i utlandet.
– Folk skal trygt kunne vere seg sjølv, utan å bli påført skam og psykisk press på grunn av den dei er eller kven dei elskar. Lovforslaget gjer det heilt klart at dette er handlingar vi vil til livs, seier Trettebergstuen.
Fekk kritikk
Då forslaget vart sendt på høyring i fjor, kom det mange kritiske tilbakemeldingar, mellom anna frå juristar. I forslaget som no blir lagt fram, er det gjort fleire lovtekniske endringar for å komme dette i møte, får NTB opplyst.
Det har særleg vore skepsis til at forbodet skal ramme konverteringsterapi frå «samtykkjande vaksne».
Regjeringa hadde først varsla at lovforslaget skulle leggjast fram i april. Det har vore skepsis til forslaget blant medlemmer i Senterpartiets stortingsgruppe, men ifølgje Vårt Land har desse godteke forslaget som no blir lagt fram.