Revidert nasjonalbudsjett: Regjeringa og SV får smekk for pengebruken

Regjeringa bruker 1,5 milliardar kroner meir for å auke barnetrygda og sosialhjelpa. Men høgresida er bekymra for at dei offentlege utgiftene eser ut.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringspartia og SV la tysdag fram punkta dei har vorte samde om i revidert nasjonalbudsjett. Dei største endringane gjeld sosial omfordeling.

– Vi sørgjer for auka støtte til dei som blir treft hardast av prisveksten, seier Arbeidarpartiets finanspolitiske talsmann Eigil Knutsen.

Partia aukar pengebruken med 1,5 milliardar kroner. Totalt sett aukar utgiftene med 2,1 milliardar kroner, men det blir samtidig gjort kutt på 560 millionar kroner.

Den største auken går til å jekke opp barnetrygda. Dette grepet åleine vil gi ein bokført kostnad på 920 millionar kroner. Løft i sosialhjelpssatsar vil koste 284 millionar kroner.

Kutt frå karbonfangstanlegg

Det største kuttet kjem ved å utsetje anlegget for karbonfangst på Klemetsrud i Oslo, noko partia sparer 300 millionar kroner på.

Knutsen understrekar at partia ikkje har lagt vekk ambisjonane når det gjeld dette anlegget, men at planane er flytta på.

SV framhevar at dei har jobba for å få til meir omfordeling i forhandlingane

– Dette er ein varig auke av barnetrygda for barn mellom seks og 18 år. Dette betyr at barnetrygda blir 3000 kroner høgare enn ho var i 2022, seier Kaski.

Ho viser til at det også er gjort endringar slik at folk som får sosialhjelp, ikkje lenger skal miste retten til bustøtte når dei får utbetaling av trygdeoppgjeret.

Gir regjeringa klimaansvaret

Samtidig vedgår Kaski at SV ikkje har fått alt dei ønskjer seg.

– Vi får ikkje alt vi vil ha, men må ha nok til at ein har ein god avtale. Det meiner eg han har, både på miljø og omfordeling, seier Kaski til NTB.

– Noreg har forplikta seg til klimakutt på 55 prosent innan 2030. Er det realistisk?

– Per i dag ligg vi ikkje an til å nå det målet. Det meiner eg er ansvaret til Jonas Gahr Støre og regjeringa, seier ho.

Jonas Gahr Støre. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Grøn næringspakke i haust

Partia er også samde om at det skal komme ein pakke som gjeld utvikling av grøn næringspolitikk i samband med statsbudsjettet i haust.

I tillegg blir det sett av 300 millionar kroner til tre ulike klimatiltak, 100 millionar kroner til kvart av dei: Frivillig skogvern, klimatiltak gjennom Enova, og klimasats.

Bidraget til store kollektivprosjekt blir auka til 70 prosent, noko som vil koste 138 millionar kroner i 2023.

SV har også fått gjennomslag for at regjeringa i haust skal komme med ein verkemiddelpakke for grøn omstilling av norsk industri, og fleire grep for å auke bruken av biodrivstoff.

Neste år skal Ap og Sp komme med tiltak for å kutte klimagassutslepp gjennom elektrifisering av oljeinstallasjonar med havvind, ifølgje budsjettsemja.

Høgre og Venstre reagerer på pengebruk

Reaksjonane på budsjettavtalen er som vanleg sprikjande. Høgre skryter av at SV har klart å få med seg regjeringa på å auke barnetrygda, slik også Høgre har foreslått.

– Vi veit at dei med forsørgjaransvar har det ekstra krevjande når prisane stig og renta aukar. Dette vil bety mykje for mange, seier finanspolitisk talsperson for Høgre Helge Orten.

Sveinung Rotevatn, Venstre, Hordaland. Foto: Stortinget

Han er likevel skeptisk til at oljepengebruken aukar endå meir.

– Med semja mellom regjeringa og SV blir offentlege utgifter sin del av økonomien større enn i pandemiåret 2020, seier han.

Også Venstre reagerer på pengebruken.

– Regjeringa har no auka ein allereie høg oljepengebruk. Dette legg press på renta, og det er dårleg nytt for alle med bustadlån, seier Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn.

Raudt: Hylekor frå høgresida

Raudt er på si side ikkje skremt over at pengebruken blir auka.

– Heldigvis lèt ikkje regjeringa seg skremme av hylekoret frå høgresida. Det er rett å auke oljepengebruken litt i ei tid der pengane sårt trengst på kontoen til folk som har dårleg råd, seier nestleiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen.

Ho er fornøgd med at barnetrygda og sosialhjelpa blir auka, men etterlyser meir for å få ned forskjellane.

– Dette er ikkje den forskjellskrisepakken folk treng, seier ho.


Kollasj med kvinne i klasserom, tenner og eit budsjett

NSO-leiar Maika Godal Dam er nøgd med nokre av budsjettforslaga, men etterlyser auka studiestøtte. Foto: Ivan Aleksic/Unsplash og Sjalg Bøhmer Vold/NSO, kollasj: Framtida