Aker Solutions forbyr TikTok
Fleire Aker-selskap skal innføre TikTok-forbod på bedrifta sine digitale einingar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Aker Solutions er ein stor aktør og vi er svært opptekne av informasjonstryggleik. Vi vurderar kontinuerleg tryggleiken rundt appar vi nyttar, seier pressesjef i Aker Solutions, Hallvard Norum, på telefon til Framtida.no.
Torsdag sende Aker Solutions ut ein e-post til leiarar på ulike nivå om at dei no vil forby appen TikTok på telefon og anna datautstyr som har tilgang til IT-systema til Aker Solutions.
Frå og med 15. juni
Forbodet vil tre i kraft torsdag 15. juni i år. Norum opplyser om at dette vil gjelde både nasjonalt, men også globalt.
I e-posten står det blant anna: «Etter nøye vurderingar har Aker Solutions IT vedteke å forby bruken av TikTok, både appen på mobile einingar og webversjonen på bedriftas PC-ar.»
Aker Solutions listar opp fleire grunnar for at dei no vel å forby TikTok. Dette skal dreie seg om omsyn til det juridiske, sikkerheit, personvern og omdømme.
– Vi ser at mange store selskap legg seg på same linje rundt TikTok-bruk. Forbodet vårt er også i tråd med det andre Aker-selskap no er i ferd med å gjennomføre, seier Norum.
Ingen tilgang
Vidare i mailen står det at telefonar som har TikTok-appen installert ikkje vil få tilgang til bedrifta sine system før appen er fjerna.
Norum seier at deira tilsette står fritt fram til å bruke TikTok på sine private einingar og at det no blir sendt ut informasjon breitt i bedrifta.
– No skal alle tilsette få beskjed om å avinstallere TikTok på bedrifta sine einingar innan 15. juni.