Fleire bur i samiske område

På Samefolkets dag kjem SSB med gladnyheita at det for første gong sidan 1990 har vore ein auke i folketalet i dei samiske områda nord for Saltfjellet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst ikkje noko offisiell registrering av samar, men SSB baserer seg på statistikk knytt til geografiske område nord for Saltfjellet, det såkalla STN-området.

LES OGSÅ: – Eit gjennombrot for samisk

Frå nedgang til oppgang
Auken er ganske liten, men folketalet har sokke med 15 prosent sidan 1990 så utviklinga er likevel positiv. I 2011 og 2012 var det fleire som flytta til enn ut av STN-området, og i 2012 var det for første gong ein liten auke i folketalet.

LES OGSÅ: Dei Grøne vil ha fri på samedagen

Kortare levealder
Forventa levealder er litt lågare for begge kjønn i dei samiske busetjingsområda enn i landet som heilskap. Ei jente født i STN-området i 2013 kan forvente å bli 82,4 år og ein gut 77,1 år. Tilsvarande tal for Noreg som heilskap er høvesvis 83,4 år og 79,4 år.

Hausten 2012 hadde 930 elevar samisk som førstespråk. Talet på elevar med samisk som førstespråk i grunnskulen held seg stabilt. Talet på elevar med samisk som andrespråk er kraftig redusert, og har gått ned med over 40 prosent sidan 2005.

QUIZ: Kva veit du om samar og samisk kultur?