6 tips for mindre stress i eksamenstida
Det kan vere stress å ha eksamen, men det går an å øve på stresset, meiner rådgjevar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dersom du ikkje har hatt så mange eksamenar før, kan det vere stress fyrste gongen.
Studentrådgjevar Mari Langmyr ropar varsku, og meiner at vi må førebu studentane på at stress er ein del av eksamenspakka.
– Eg trur vi må bli enda tydelegare på at stress er ein del av ein student sin kvardag, og at det finst god hjelp for å meistre stress, som også er nyttig seinare i livet, seier Langmyr i ei pressemelding frå Studentsamskipnaden SiO.
Dette er tipsa hennar for ei mindre stressa eksamenstid:
Avspenning
Lær deg ein metode for avspenning, til dømes ein pusteteknikk eller ei enkel meditasjonsøving. Ein avspent kropp hugsar best!
Ikkje ver redd for å få litt nervar
Det er heilt vanleg å bli redd eller nervøs, du er ikkje åleine om det.
Ha fokus på det du faktisk skal gjere
Nervar aukar når vi fokuserer på kva som kan gå gale. Forsøk heller å ha eit oppgåvefokus. Lag ein arbeidsplan fram til eksamen, og hald fokuset på denne.
Ikkje gløym self-care
Utan mat og drikke duger helten ikkje. Ta deg tid til søvn og mat slik at du er utkvilt og klar til eksamen.
Sjekk at eksamensstaden eksisterer
Ta gjerne turen til eksamenslokalet på førehand. Det hjelper å vite kvar det er og korleis det ser ut. Då kan du også rekne reisetida betre.
Ta deg tid til å møte venner
Ta det som ein pause. Viss de går ein tur samtidig, får du også frisk luft og et glimt av verda utanfor eksamensbobla.