Dobbelt så mange nynorskelevar i Oslo
Størst vekst i nynorskelevar i Rogaland, men også framgang i fleire fylke utanom det nynorske kjerneområdet.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Einaste i heile Oslo
– Det er gledeleg å sjå at tala går opp i Rogaland, seier leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø til Framtida.no.
Rogaland er det einaste fylket innanfor kjerneområdet der talet på nynorskelevar stig. Dette skuldast i hovudsak stor folkeauke i fylket, og då særleg i fleire av nynorskkommunane rundt Stavanger.
LES OGSÅ: Vil gi ekstrapoeng til nynorskelevar
Har bremsa opp nedgangen
I dette skuleåret er det 76.977 elevar med nynorsk som hovudmål, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er ein nedgang på 433 elevar sidan førre skuleår. Ikkje sidan 1996/97 har det vore så få elevar med nynorsk som hovudmål. Men den gongen var det mange færre elevar totalt sett enn i dag.
Frå ein nynorskdel på 16,14 prosent i 1996/1997, er det no 12,51 prosent av alle elevane i norsk skule som har nynorsk som hovudmål. Det er ein nedgang på 0,08 prosent frå året før, og den minste nedgangen på mange år.
– Det er gledeleg at det ikkje er så store ras for kvart år, seier Tennø til Framtida.
Seks fylke opplever oppgang i talet på nynorskelevar. I år er det berre Østfold og Finnmark som ikkje har grunnskuleelevar med nynorsk som hovudmål.
I Oslo gjekk talet opp frå éin til to elevar. Trondheim kan også skilta med to nynorskelevar – opp to frå førre skuleår.
I Stavanger er det no 14 elevar med nynorsk som hovudmål, to færre enn førre skuleår. I Bergen er det ein nedgang frå 729 elevar i førre skuleår til 664 elevar i år.
Les intervjuet med dei einaste nynorskelevane i Oslo!
QUIZ: Skjønar du bokmål?
Demografi har mest å seia
Leiaren i Noregs Mållag seier demografi betyr meir for talet på nynorskelevar enn språkskifte.
– Det bur fleire folk i bokmålsområde, og veksten i folketalet er større her, seier ho.
Nedgangen i talet på nynorskelevar i Sogn og Fjordane synest ho er heilt udramatisk.
Størst nedgang frå i fjor er det i Oppland og Telemark der nedgangen er på høvesvis 103 og 177 nynorskelevar.
– Kva skal til for å snu trenden, slik at delen av elevar med nynorsk som hovudmål veks?
– Det er ein veldig enkel måte, som kanskje ikkje er så enkel: Å snu flyttestraumane. Hadde det budd fleire folk i nynorskområda i vest, så hadde det ordna seg sjølv.
Ho legg til at det er viktig å halda på nynorsken i vekstområda rundt Bergen og Stavanger.
LES OGSÅ: Medna fekk kronikk frå Kjartan Fløgstad: – Litt kjekt, og litt skummelt
LES SISTE NYTT OM NYNORSKEN HER!
Så mange grunnskuleelevar har nynorsk som hovudmål:
| Fylke |
2013/14 |
Endring |
| Østfold |
0 |
0 |
| Akershus |
6 |
1 |
| Oslo |
2 |
1 |
| Hedmark |
2 |
1 |
| Oppland |
3903 |
-103 |
| Buskerud |
909 |
-3 |
| Vestfold |
1 |
0 |
| Telemark |
1959 |
-177 |
| Aust-Agder |
759 |
-20 |
| Vest-Agder |
738 |
-6 |
| Rogaland |
14199 |
79 |
| Hordaland |
23873 |
-75 |
| Sogn og Fjordane |
13736 |
-79 |
| Møre og Romsdal |
16825 |
-66 |
| Sør-Trøndelag |
52 |
12 |
| Nord-Trøndelag |
2 |
2 |
| Nordland |
1 |
0 |
| Troms |
10 |
0 |
| Finnmark |
0 |
-1 |
Faktaboks
Her er kommunane med flest grunnskuleelevar med nynorsk som hovudmål:
| Kommune | Elevar |
| Stord | 2509 |
| Time | 2280 |
| Hå | 2223 |
| Os | 2078 |
| Førde | 1792 |
| Kvinnherad | 1742 |
| Bømlo | 1728 |
| Voss | 1715 |
| Klepp | 1614 |
| Flora | 1540 |
| Karmøy | 1408 |
| Lindås | 1380 |
| Ørsta | 1262 |
| Ulstein | 1176 |
| Vindafjord | 1166 |
| Fjell | 1143 |
| Giske | 1135 |
| Sula | 1134 |
| Herøy | 1092 |
| Volda | 1086 |





