– Folk har for mange bilar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fem jenter i klasse 10D ved Voss ungdomsskule spurde medelevar om kor mange bilar dei har i heimen. Nesten halvparten hadde meir enn ein.

Mette Stue Barhaug, Hanna Rekve Stephenson, Ida Skaar Saue, Sara Rykke Mandelid og Trine Brekke vann tysdag 10.000 kroner for klima- og energiprosjektet sitt.

Som ein del av prosjektet om klimaendringar ynskte dei å finna ut kvar vossingane sine klimagassutslepp kjem frå. Dei fann ut at transport er den største utsleppskjelda.

– Det er eigentleg ikkje naudsynt med meir enn ein bil i familien. Folk må bli flinkare til å gå, sykla og nytta kollektivtransport, meiner jentene.

Dei trur hektiske morgonar er ei viktig årsak til at mange vel å ha fleire bilar.

– Det skuldast sikkert at foreldra har forskjellige jobbar. Når dei har lite tid om morgonen, er det godt å ha fleire moglegheiter. Det gjer ting enklare, men det er litt egoistisk, synest jentene.

Sjølv har jentene vorte meir medvitne på eigen energibruk medan dei har jobba med prosjektet.

– Me slår av meir ljos når me går heimanfrå, me tek ut stikkontakten til TV-en når han ikkje er i bruk, me er blitt flinkare til å resirkulera boset, og me har bytt ut vanlege lyspærer med sparepærer, fortel Mette.

LES OGSÅ:Oslo-ungdom vil bli kvitt bilane

Vann 10.000
Tysdag presenterte jentene, saman med andre 10. klassingar frå Voss, prosjektet sitt i Kulturhuset. Der har dei også stilt ut ein globus dei har laga for å illustrera drivhuseffekten og kva land som vert hardast råka av klimaendringane.

Jentene hadde ikkje rekna med å vinna. Difor veit dei førebels ikkje korleis dei skal nytta premien på 10.000 kroner. Det ser eit kriterium at dei nyttar pengane på eit miljøtiltak.

– Kan henda me gjev dei til ein organisasjon, seier dei.

LES OGSÅ: – Løpet er køyrt for norsk klimatruverde

Energikulturdagane
Det er fjerde gong Voss Energi i samarbeid med 10. klassane på Voss, Natur og Ungdom og Voss kommune har arrangert Energikulturdagane. Målet med dagane er å gje 10. klassingane auka interesse for miljøspørsmål, alternative energikjelder, energibruk og realfag. Energikulturdagane vart avslutta i Kulturhuset tysdag.

– Meininga med prosjektet er å skapa engasjement, auka kunnskapen, gjera folk nysjerrige og ikkje minst meir medvitne om kva ein kan gjera for klimaet i sin eigen kvardag, seier Yngve Tranøy frå Voss Energi.

Han meiner elevane sine presentasjonar syner at dei har lukkast i å nå målet.

Elevane kunne velja mellom oppgåver om transport, oppvarming, olje, klimaendringar, fornybar kommune og fornybar energi. I tillegg til presentasjonar skulle dei laga ei utstilling og skriva ein artikkel eller lesarinnlegg til avisa.

Elevane stilte spørsmål ved om det er rett av landet vårt å tileigna seg så mykje rikdom ved å utnytta ikkje-fornybare ressursar. Dei presenterte alternative energikjelder og såg på kva løysingar ein kan lukkast med her lokalt. Dei drøfta òg auka satsing og tilrettelegging for bruk av sykkel, kollektivtransport og vidareutvikling av el-bilar.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

Imponert jury
– Felles for alle presentasjonane var at dei har jobba effektivt og målretta innanfor ein avgrensa tidsperiode. I tillegg har dei gjort ein god jobb med å finna svar på spørsmål som gjerne ikkje har eintydige fasitsvar, seier Tranøy.

Han var formann i ein jury som kåra ein vinnar blant klassane sine presentasjonar. Med seg i juryen hadde han leiar Gerd Preste-gard i Voss Natur og Ungdom, Lillian Rogne frå Voss Naturvernlag og Gunnar Bergo frå Voss kommune.

– Me i juryen var imponerte over nivået til dei ulike prosjekta. Me har ikkje sett så mange gode presentasjonar jamt over før, seier Gerd Prestegard.

Ho var sjølv med på Energikulturdagane då ho gjekk på ungdomsskulen.

– Det er kjekt å sjå engasjementet hjå 10. klassingane. Klimautfordringane er noko som vedkjem alle, og alle ungdomane vil ha bruk for denne kunnskapen vidare i livet, påpeikar ho.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!